Serie- + sesong-avslutning på Volda stadion!

Serie- + sesong-avslutning på Volda stadion!

Laurdag 25 Oktober var det duka for sesongavslutning for alle yngres lag i klubben og samtidig serieavslutning for Damelaget i Fylkesserie!


Det er første gong vi har sesongavslutning for yngres på denne måten og kva var vel då bedre enn å gjere det samtidig som Damelaget vårt spelte siste kampen for året mot Kristiansund BK i Fylkesserien!

For ein kamp og for ei stemning! Været spelte på lag, damene spelte definitivt i lag og på tribuna og rundt stadion var det ca 400 born og unge som heva tribunetaket med si fantastiske stemning. Her var det heiarop, fleire lag hadde laga plakatar og J16 stilte opp med ansiktsmaling til alle som ville! Det var rett å slett ei magisk oppleving på Volda Stadion denne laurdagen.

Dette må ha inspirert damene ut på bana noko heilt enormt. Tidligare i år har vi spelt både heime og borte mot Kristiansund og begge kampane har endt med 1-5(!!) tap. Slik skulle det ikkje bli i dag. Julie Hovden Ryste er rask, det skal ingen tvile på. Mottaket og tempoet gjer at ho kjem aleine med keeper allereie etter 1,15 og det står 1-0 til Volda! Dei 20 neste minutta er det Volda som har full kontroll, skaper sjanse på sjanse og det bør stå meir enn 1-0 når ein Volda forsvarer er uheldig og skyt ballen opp i eiga hand og dommeren vel å dømme straffe til KBK. 1-1 er eit faktum og vi har spelt 22 minutt. Etter dette bølger kampen litt frem og tilbake og begge lag har sine sjanar til å gå i ledelsen, men det er ikkje før i det 43 minutt det kjem ei skåring. Igjen er Julie frempå og det står 2-1. Jubelbrølet til dei unge på tribuna må ha gitt Volda nok ei vitamininnsprøyting for minuttet etter er det Vilde Sleire som er frempå og legg på til 3-1. Det må leggast til at Kamilla Paulen i Volda målet har ei utruleg viktig og god redning sekunder før Vilde skårar 3-1 og den kontringa i forkant av 3-1 er bare tatt rett ut av læreboka – KLASSE. 3-1 blir og stillinga til pause.

Pauseunderhaldning med alle spelarane på bana! I pausa vart det lagt opp til fellesdans og ein ivrig og dedikert speaker i Ole Halkjelsvik gjorde sitt for at BliMe dansen 2025 blei presantert. Eit flott skue i haust-sola på Volda Stadion.

I andreomgang bølger det frem og tilbake på bana, ingen av laga maktar å få ballen i mål og fleire gode bidrag frå begge lag sine keepera hindrar fleire skåringar. I det 67 minutt er Dagens Volding frempå igjen, Julie sett ballen kontant i nettet og det står no 4-1 til heimelaget. Det var ikkje tvil om at damelaget hadde gjort gode forberedelser, fikk inspirasjon frå alle tilskoderane gjennom kampen og dei siste 5 minutta var topp underhaldning. Først reduserar KBK til 4-2 før Camilla Aure legg på til 5-2. Med kampens siste spark på ballen får Vilde Osdal æra av og avslutte ein flott kamp for Volda damene med 6-2 målet og Volda vann kampen heilt fortjent.

Når dommeren blåste av kampen var det full banestorming, her må sikkerhetssjefene på Volda stadion ta en god evaluering for her løp barna forbi alle sperringer og vakter for å gratulere heltene sine med ein godt gjennomført kamp. Etter at det heile hadde roa seg var det duka for å hedre spelarane i yngres i klubben. Det var høgtidleg utdeling av diplom med to flott representantar frå vår viktige støttespelar Generalsponsor SpareBank1 SMN. Her var det fleire 100-talls spelarar oppstilt på fin rekke som masjerte fint inn på på banen, fikk navnet sitt opplest og mottok diplom for god innsats gjennom året. Etter denne flotte utdelinga vart det så vidare inn i SpareBank1 Hallen kor det vart servert pølse med brød og saft før det blei mingling med fotballsparking og leik i hallen til energilagrene vart delvis tømt. Kiwi-maskoten dukket også opp og delte ut refleks til dei som ville ha det.

Pølsekøen i hallen var laaaaaang. SpareBank1 SMN sponset Pølse med brød til alle spillerne. 👏🏼💚
Kiwi-maskoten var på plass og delte ut refleks.

Ein flott dag for Voldafotballen, her fikk vi vist topp og breidde og eit flott samspel mellom dei. Vi fekk sjå mangfaldet i klubben noko vi er veldig stolt over!

Til slutt må vi få med at før kampen vart det ei flott offisiell opning av dei nye toaletta på klubbhuset som skal serve alle publikumerane når det er store arrangement pluss vi har utvida klubbhuset med ei ekstra garderobe som skal brukast av FFO og heimelag på kampar. Dette er realisert av midler frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og det var sjefen sjøl Arne Lothe som gjennomførte snorklippinga!


Vi takkar spelarar, frivillige, Generalsponsor SpareBank1 SMN, Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og heile yngres avdeling i klubben for ein strålande laurdag på Volda Stadion.

Del: