Dugnad
Volda TI Fotball er tufta på frivilligheit og dugnad og klubben er avhengig av at føresette og medlemmar stiller opp for fellesskapet. Dugnadane vi har genererer inntekter eller reduserer utgifter for klubben. Redusert dugnadsaktivitet ville ført til at det ville bli langt dyrare å spele fotball i klubben.
Dugnadar er også ein sosial arena, der ein vert kjent med klubben og andre medlemmar. Dette er med på bygge fellesskap og samhald.
Du finn instruksar til mange av dugnadane på instrukssida:
Dugnadsåret
Ryddeveke
Går på omgang mellom laga
Går fortløpande gjennom heile året – ute og inne
Ryddeveke
Dette er ei dugnadsoppgåve der laga vert satt opp til å rydde på anlegget vårt; det betyr at spelarane på laget tek ei økt etter ei av treningane (eller eit anna tidspunkt om de ynskjer det), i lag med nokre føresette som kan ha kontroll og sjå til at det vert gjort skikkeleg. Det skal gjerast kun 1 gong i løpet av den veka de er satt opp. Preventivt å få med spelarar slik at dei samtidig får beskjed om at ein tek vare på stadionanlegget og utstyret vårt og ryddar etter seg.
Vekeskiosk
Går på omgang mellom laga
I sesong dei dagane det er kampar på stadion
Vekeskiosk
Gjennom sesongen, frå april til oktober, har vi open vekeskiosk på stadion dei dagane her er kampar. Det er laga som driftar vekeskiosken på dugnad. Ei oversikt over kva veke kvart lag har ansvar for vekeskiosken vert lagt ut på kontaktpersongruppa i Spond.
Så fordelar laget dugnaden internt i sitt lag. Om det passar dårleg å drifte vekeskiosken den veka ein vert sett opp, kan laget bytte veke med eit anna lag.
Instruksar for vekeskiosken er tilgjengeleg i kiosken, samt i Spond i kontaktpersongruppa.
Lotteri
Februar/Mars
Sal av 25 lodd per spelar
Lotteri
Kvart år har Volda Fotball lotteri med mange flotte premiar. Spelarane sel 25 lodd kvar til ein verdi av 25,- per lodd. Om der er fleire enn 2 spelarar i ein husstand (spelarar over 18 år tel ikkje med) så skal kun dei 2 eldste spelarane selje lodd. Resten av fritak. Det betyr at om ein av spelarane er over 18 år skal denne spelaren selje 25 lodd i tillegg til dei lodda yngre søsken må selje. Det er ikkje mogleg å kjøpe seg fri frå lotteriet.
Bilmesse
April (veka etter påske)
Seniorlaga – Gutar/Jenter 16
Bilmesse
Volda Fotball arrangerer Bilmesse kvart år første laurdag etter påske. Dette er ei av dei største inntektskjeldene til Volda Fotball og utgjer ein stor dugnadsinnsats frå våre medlemar.
Faste lag som har dugnad under Bilmessa:
- G16 + J16: legge golv i heile hallen samt fjerne det etterpå.
- A-Dame senior: vakter i hallen + kiosk på sjølve Bilmessedagen
- A-Herre senior: vakter i hallen + kiosk på sjølve Bilmessedagen
- Herre 3 (Voldingen): legge tepper etter gulvet er lagt
- Dame 2 + Herre 2 (Volda Rekrutt): Fjerne tepper etter Bilmessa
I tillegg kan det hende vi treng hjelp frå eitt eller to lag til – desse vil då få beskjed i god tid.
Vårdugnad
April
Gjere klart anlegget for sesongen, fordeling av ulike oppgåver til laga
Vårdugnad
Volda Fotball har eit av dei flottaste breiddeklubb-anlegga på Søre Sunnmøre. Dette krevjast ein god del innsats i å halde ved like også, og klubben er avhengig av alle medlemar sin innsats så laga kan starte utesesongen på ein trygg og god måte.
Miniturnering
Mai - September
Lag i aldersgruppa 6 – 9 år
Miniturnering
Sunnmøre Fotballkrets tildeler ulike klubbar å arrangere miniturnering for aldersgruppa 6-9 år, dette vert annonsert i februar/mars. Volda Fotball brukar å få ei av miniturneringane.
Haustdugnad
Oktober
Gjere klart anlegget for vinteren, fordeling av ulike oppgåver til laga.
Haustdugnad
Etter ein lang sesong er det fleire forhold som må ordnast før vinteren kjem. Her treng vi frivillige til å lage SpareBank1 Arena klar for vintersesongen. Lister med arbeidsoppgåver vert sendt ut til kvart lag.
Kiwi-Bama Cup
November
Alle lag må stille på dugnad knytt til innandørscupen i november
Kiwi-Bama Cup
Volda Fotball har i ei årrekke arrangert eigen cup. Namnet har endra seg gjennom åra men cupen er den same; Bendit-cup, Eat-Move-Sleep Cup, Kiwi-Bama Cup. Den har gått frå å vere ein utandørs cup til innandørs cup, og vert gjennomført i siste halvdel av november. Ei cupnemnd står for planlegging og organisering, og alle lag vert satt opp på ulike oppgåver både i forkant, under sjølve cupen og i etterkant. Dette er også ei stor inntektskjelde til klubben og ein veldig kjekk dugnad å delta på.
Kontaktperson får tilsendt oppgåver til laget og fordeler føresette (og spelarar på dei eldste laga) på dei ulike postane.
Circle-K kopp
Desember
Sal av 1 stk Circle K kopp
Circle-K kopp
I samarbeid med ein av våre store sponsorar sel vi Circle K kopp til inntekt for Volda Fotball. Kvar spelar skal selje 1 kopp, og max 2 koppar per familie (spelarar over 18 år tel ikkje med). Det er dei eldste spelarane som skal ha utdelt Circle K kopp, dersom det er fleire enn 2 spelarar i familien.
I tillegg til gratis kaffe hos Circle K får alle med Circle K koppen som VTI Fotball sel, gratis kaffe og kakao i vekeskiosken på SpareBank1 Arena.
Det vert jobba med eit miljøvenleg alternativ for dei som etter kvart har samla seg opp mange koppar. Meir info kjem