Dommarsystem
Fotball er heilt avhengig av dommarar. Klubben er heilt avhengig av at barn og unge vert inspirert til å ville dømme.
Klubben skal ha ein bevisst rekrutteringsplan, og ha god oppfølging gjennom kurs og dommarforum. Og sjølvsagt sikre at det stiller riktig sertifisert dommar på samtlege kampar i sesong. For at dette skal gå knirkefritt krevst ein stor jobb, klubben har difor delt dommararbeidet i to.
Oppgåvene fordelast mellom:
- Kompetanse- og utviklingsansvarleg
- Administrativ ansvarleg
Dommaransvarlege sine oppgåver:
- Rekruttering av nye dommarar
- Kursing og oppfølging på felt
- Sørge for at alle som tek kurs ligg i gruppa der en melder seg for dømming
- Sørge for eit godt system kring påmelding til arrangement (seriekamp, cup)
- Følgje opp dei med vidare ambisjonar i nært samarbeid med krets
- Jobbe for at klubbdommarane har ein naturleg plass i klubbmiljøet
- Sørge for at utstyr til dommar inngår i klubbens utstyrsavtale.
- Legge til rette for trening. I fht fordeling av seriekampar, miniturnering, interne cupar og treningskampar.
- Sette opp dommarar på cup, miniturnering og treningskampar
- Sørge for at det er sertifisert dommar på samtlege seriekampar på aldersbestemt
- Vere eit synleg kontaktpunkt for dommarane
- Arrangere eit sosialt og fagleg tiltak
- Sørge for at Volda fotball stiller på dommarsamling i kretsregi
- Informere dommarar om aktuelle saker
Konkret dommararbeid
Samtlege spelarar vert, det året dei fyl 13, oppmoda om å ta dommarkurs. Vi seier at det er obligatorisk, tvinger ingen, men oppmoder sterkt. Det betyr ikkje at samtlege skal verte dommarar, men vi meiner at samtlege har godt av dette kurset uavhengig av om ein vert dommar, eller «berre» spelar.
Klubbdommerkurset skal haldast av sertifisert kurshaldar, som sender inn liste til krets, og sørger for at deltakarane får det under kompetanse i profilen sin.
Eldre spelarar og vaksne i klubben får også tilbod om å møte på dette kurset, både om dei har tatt det før, eller ynskjer oppfriskning.
Etter eit slikt kurs vil klubben ved dommeransvarlege fylgje opp at dei som ynskjer det får trening, i form av miniturnering, cup, treningskampar og/eller på trening til yngre lag.
Kompetanseansvarleg er ekstra tilgjengeleg og tilstade i ein slik fase.
Dommerforum er samlinger som klubben har med dommerane, både nye og etablerte. Her er det både sosial samling og enkelte dommersaker som er fokus. Dette er i mars/april (før sesongstart) og i november (før EMS).
Klubben stiller med utstyr som dommarvest og fløyte til alle som tek kurs.
Ivaretaking av dommarane er like viktig som å få dei inn til kursing, fordi vi også skal BEHALDE dei! Det krev eit solid fokus i klubb, på FairPlay. Trenarvett og spelarvett, både for eigne lag og eksterne som kjem hit. Her har kampverten ei særs viktig rolle. Ein MÅ agere om noko er ugreit. Ein stygg episode kan føre til at ein viktig ressurs forsvinn.