Hospiteringsplan

Hospiteringsplan

VTI-Fotball har «100% spelarutvikling, for alle» som visjon. Hospitering er eit verkemiddel som vert nytta i VTI-fotball for spelarar som ikkje får nok utfordringar på eige lag. Hovudføresetnaden for å hospitere, er at differensiering ikkje gir eit tilfredsstillande utbytte for spelaren. Hospitering skal stimulere til å gje spelarar eit betre treningstilbod. I VTI-fotball skal alle prosessar kring hospitering vere styrt av klubben og transparente. 

Hospitering og innhaldet i denne planen skal vere tema på alle foreldremøte frå og med det året spelarane fyller 12 år. Der det er aktuelt i lågare aldersgrupper, skal det også vere tema på foreldremøte.  

Hospiteringsplanen er ein av fleire utdjupande planar i del 3 av Sportsplanen.

Tabellen nedanfor viser utgangspunktet for når ein kan nytte dei ulike formene for hospitering:  

Type hospitering: 6-7 8-9 10-11 12 13 14+
Hospitering på tvers av kjønn Nei Ja Ja Ja Ja Ja
Åpne treningar på tvers av aldersklasser Nei Ja Ja Ja Ja Ja
Hospitering opp ei aldersklasse på trening Nei Nei Nei Ja Ja Ja
Hospitering opp aldersklasse i kamp Kun når det er naudsynt for å stille lag Kun når det er naudsynt for å stille lag Kun når det er naudsynt for å stille lag Nei Ja Ja

Merk at all hospitering skal gå gjennom klubben. Dette gjeld sjølv om ein er innanfor aldersklassene det står «Ja» på i tabellen.

Spelarane må vise kompetanse på følgjande områder (i prioritert rekkefølge):  

Haldning – spelarane må vise ei positive haldning til ALLE involverte personar i fotballen, både medspelarar, motspelarar, dommarar og trenarar. Dei som får hospitere skal vere gode rollemodellar på og utanfor bana. 

Treningsvilje – spelarane må vise at dei ynskjer å utvikle seg vidare. Spelarane må ha høg indre motivasjon for å trene. Dei som får hospitere skal ha tilnærma fullt oppmøte på eigne treningar. 

Ferdigheiter – spelarane må ha ferdigheiter til å meistre å spele på nivået over. Klubben ynskjer ikkje å ha  spelarane i eit miljø som er for krevjande for deira noverande ferdigheitsnivå.  

Sportsleg utval kallar inn til hospiteringsmøte (minimum) 3 gongar i året. Hovudtrenarane skal i forkant av desse møta, ta initiativ til å drøfte aktuelle kandidatar til hospitering på eige lag og sende ei innstilling til Sportsleg leiar i forkant av møtet.  

Under møtet får trenargruppene diskutere korleis ein kan organisere hospiteringstilbodet på ein god måte (aktuelle treningar for hospitering, moglegheit til opne treningar på tvers av lag osb.). Under møtet skal ein også utarbeide ein individuell hospiteringsplan for spelarane som skal hospitere (sjå eigen mal for dette). 

Spelarutviklar går gjennom hospiteringsplanane og gir ei innstilling til SU, som godkjenner endeleg hospitering.  

Trenarane på laga spelarane høyrer til, tek kontakt med føresette for å avklare at dei og spelaren ønskjer å hospitere.  

  • Hospitering gjeld primært treningar og skal vere eit supplement til eige lag sine treningar.  
  • Jenter bør primært hospitere med gutelag. 
  • Hospiteringa skal vere tidsavgrensa og trenarane skal evaluere hospiteringa og vurdere om ein forlenge hospiteringsperioden. 
  • Hospitant(ane) takast i mot og presenterast for spelargruppa. Det er viktig å  forklare at hospitanten skal vere med for ei periode og behandlast slik som dei andre. Det bør vere to som hospiterer saman for å gje tryggleikskjensle. 
  • Hospitantar skal alltid trene i ei differensiert treningsgruppe på hospitantlaget, slik at ein vil oppleve meistring og er i flytsona.  
  • Treningsøkter med hospitantar skal vere utviklande og innehalde mykje ballkontakt og mykje spel. Det skal også vere tilstrekkeleg med trenarar, slik at ein kan følgje opp hospitantane på ein god måte. 
  • Trenar på hospiteringslaget må kontinuerleg vurdere:  
    • Er spelaren er i flytsona eller ikkje?  
    • Glir hospitantane inn i det sosiale miljøet på laget? 
  •  Trenar på primærlaget må kontinuerleg vurdere:  
    • Om ekstratreningane gir for stor treningsbelastning? 
    • Korleis hospitantane bidreg/påverkar miljøet på eige lag? 
  • Spelarutviklar må bli orientert om hospitantane si utvikling. 
  • Avslutting av hospitering 
    • Ved misstrivsel skal ein avslutte/ta pause frå  hospiteringa. Trenar tek då ein samtale med føresette og spelar.  
    • Trenar på hospiteringslaget skal  avslutte hospiteringa til spelarar som ikkje er i flytsona (meister nivået) eller som ikkje har dei rette haldningane.  
    • Trenar på primærlaget skal avslutte hospiteringa dersom hospitantar ikkje bidreg positivt til miljøet på eige lag.  

Hospitering i kamp er aktuelt frå og med det året spelarane fyller 13 år og oppover. Før dette skal vere aktuelt, skal hospitantar ha trena jamleg med laget ein hospiterer med. Ein skal også vurdere korleis hospitering i kamp vil påverke dei eksisterande spelarane på hospiteringslaget sitt kamptilbod.  

  • Hospitantar skal ha trena med hospitantlaget regelmessig over ein lengre periode før det er aktuelt med hospitering i kamp.  
  • Kriteria for å hospiter i kamp er dei same som for å hospitere i trening, men det blir stilt større krav til ferdigheiter.  
  • Ingen skal spele meir enn 1,5 kamp i snitt. 
  • Hospitering i kamp skal avgrensast eller avsluttast dersom det fører til at spelarar på hospitantlaget frå eit kamptilbod som er under minimumet som er sett opp i Sportsplanen.  
  • Spelarar som hospiterer i kamp, skal brukast i posisjonar på bana dei brukar å spele på primærlaget.  

Årsklasser som må samarbeide for å kunne stille lag, skal melde frå om dette til Sportsleg Utval ved sesongstart eller så snart som råd når dette er aktuelt.  

Lån av spelarar til kamp skal berre gjerast dersom det er naudsynt for å kunne gjennomføre kampar. Det er hovudtrenar på laget som ein skal låne frå som skal avgjere kva spelarar som skal få moglegheita. Kriteria for dette er dei same som for hospitering. Spelarar og/eller føresette skal ikkje verte kontakta direkte av lag som ønskjer å låne spelarar.  

Skal berre brukast i tilfelle der ein spelar vil vere blant dei beste  spelarane i gruppa over. I slike tilfelle er det like viktig å vurdere spelarens sosiale eigenskapar som  ferdigheiter. Det er sportsleg utval saman med som tek avgjersle om oppflytting, etter råd frå spelarutviklar og trenarar på dei aktuelle laga.  

Når spelarane når junioralder (17+) er det trenarane på laga som vurderer og avgjer kva nivå dei ulike spelarane skal ha kamptilbod på. Dette skal gjerast i samråd med spelarutviklar. Kriteria for hospitering er dei same som for dei yngre. Spelarutviklar har mynde til å overprøve vurderingane til trenarane, dersom ein meiner det bryt med kriteria for hospitering.  

Ingen spelarar bør spele meir enn 1,5 – 2 kampar i snitt per veke og alle spelarar bør ha eit kamptilbod.  

Ved usemje eller spørsmål kring hospiteringsplanen, skal ein sende dette (skriftleg) til Sportsleg utval. Sportsleg utval vil behandle slike førespurnadar så snart som råd.