
BYGG1-AKADEMIET
Bygg1-akademiet er eit tilbod for dei som brenn ekstra for fotballen, har indre motivasjon for å bli gode og som ønskjer å trene! Dette er for dedikerte spelarar frå 5. til 10. klasse som ønskjer å bli betre og som vil trene, ikkje berre bli trent.
Informasjon om Bygg1-Akademiet
Personleg utvikling:
Spelarane får eigne kle som dei brukar på øktene, og vi har eit eige opplegg for keeperar. Treningane og øvingane byggjer på sportsplanen til klubben og Landslagsskulen til NFF, noko som sikrar høg kvalitet og målretta utvikling.
Helse og velvære:
Vi legg stor vekt på kosthald, søvn og belastning, samt skadeførebyggande trening, for å sikre at spelarane held seg friske og i god form.
Praktisk informasjon:
Akademiet tilbyr skyss frå alle skulane i området, og treningane finn stad tre dagar i veka: måndag, onsdag og fredag. Våre dyktige trenarar sørger for at kvar økt er lærerik og inspirerande.
Klubbens visjon og verdiar:
Bygg1-akademiet er tufta på klubben sin visjon om 100% spelarutvikling, for alle, og våre verdiar om respekt og samspel. Vi ønskjer å skape eit miljø der alle spelarar kan utvikle seg og nå sitt fulle potensial.
Bli med på Bygg1-akademiet og ta dine fotballferdigheiter til nye høgder med Volda TI Fotball!
Kontaktinformasjon



Prisar Bygg1-Akademiet
Søskenmoderasjon:
Born nr. 2: 30% rabatt
Born nr. 3: 50% rabatt