Historia vår
Volda TI Fotball 1915 - 2020
Volda TI Fotball har ei lang og innhaldsrik historie som strekk seg tilbake til 1915. På desse sidene ønskjer vi å presentere denne historia gjennom bilete, video, historier og dokument.
Klubben ønskjer å rette ein stor takk til Johann Folkestad som har sikra at dette har blitt tatt vare på slik at klubben sine stolte tradisjonar blir kjent for nye generasjonar av Voldaspelarar.

1915 - 1939
Brodd og Volda Fotballag
Volda TI Fotball starta som fotballklubben Brodd før ein endra namn til Volda Fotballag i 1916.

1940 - 1959
VTI og ny stadion
Etter krigen vart alliansen VTI (Volda Turn og Idrottslag) skipa og Volda Fotballag vart VTI-Fotball. I 1956 vart den nye grasbana opna og optimismen rådde i Volda.

1960 - 1979
Ein klubb i vekst
Gjennom 60- og 70-talet auka aktiviteten i klubben jamt. Ein fekk fleire og fleire alderbestemte lag og det første klubbhuset kom på plass.

1980 - 1999
Damelag, klubbhus og lokalderby
Dette er ein periode som er prega av ein klubb i stor utvikling. Klubben etablerer damelag tidleg på 80-talet, det blir bygd klubbhus og tribune og «århundrets kamp» vert spelt i 1987.

2000 - 2020
Etablering av FFO og proffeksport
Veksten i VTI Fotball held fram og klubben etablerer seg som ein av dei største breiddeklubbane på Sunnmøre. I 2013 vert Telenor Xtra FFO etablert og den nye fotballhallen vert bygd. Fleire Volda-spelarar tek steg ut i verda med stor suksess.