Instruksar

Her finn du instruksar for dei fleste frivillige oppgåvene i klubben.

KVAR DAG (OM DET ER KAMPAR)

2 personar på kvar vakt. 18.00 – 21.00. Andre tidspunkt i helg utifrå kampstart!

Om de vil dele det i to og ha fire stk kvar kveld er heilt opp til laget.

Dei kjem til «dekka bord», vi legg alt klart, og det heng gode instruksjonar i kiosken.

Laga får utdelt ei ansvarsveke kvar. Det skal vere kiosk dei dagane det er kamp på stadion. Ein må halde seg oppdatert i Stadiondagboka. Endringar førekjem, følg med i stadiondagboka og i kontaktpersongruppa på Spond).

Det er ingen problem om ein bytter vakt på tvers av lag, eller om lag bytter veke, men send ein epost til ronnaug@vti-fotball.no

SJEKKLISTE heng i kiosken

  • Kiosken skal vere bra når ein forlet åstaden. 
  • Pengeskrinet skal setjast inn i skapet under vasken
  • Sørg for at alle dører er låst.
  • Prislister og andre instruksar heng på kjøkkenet.

Om noko er uklart eller manglar: Rønnaug på 47309271.

Ryddeveke SpareBank1 Arena – sesong 

Eingongshanskar og søppelsekkar finn de i vekeskiosken, i høgeskapet v/døra. Der ligg også «nøkkel» til søppeldunkane.  

  • Plukke søppel rundt banene ute og i stadionparken. 
  • Tømme alle søppeldunkar rundt klubbhus, baner og stadionpark. Alle søppelposar skal kastast i dei store dunkane i søppelskuret og fylle på med nye. 
  • Samle kle som ligg på banene og legge alt i kasse ved vekeskiosken. 
  • Om ein finn kjegler, fotballar og liknande kan dette leggast ved ytterdøra til garderobene under tribuna. 

SpareBank1 Hallen – vinterstid 

Eingongshanskar og søppelsekkar finn de i «garasja» i hallen, berre å drage opp garasjeporten så ligg utstyret inn til høgre.  

  • Plukke søppel i heile hallen, spesielt bak kassene.
    • Tømme søppeldunkane som er fulle og bære søpla opp til søppelskuret v/klubbhuset. Fylle på nye sekkar der det trengs.
    • Samle saman gjengløymte klede og legge i gjengløymte-kassa ved ytterdøra.  
    • Om ein finn kjegler, fotballar og liknande kan dette leggast ved FFO-kassene i hjørnet.  

Om der er omstendigheiter som gjer at ditt lag er satt opp på eit dårleg tidspunkt så sjekk med eitt av dei andre laga om det er mogleg å bytte veke. Vi prøvar å ta hensyn til det vi veit skjer, men ikkje alt som vert fanga opp I tillegg er det ikkje nok veker til at alle lag vert satt opp på rydding inne, så vi fortset på lagslista når ryddevekene vert ute. 

Generelt

  • Alle seriekampar i Volda Fotball skal ha kampvert
  • Kontaktperson er ansvarleg for at kampen har kampvert
  • Kampverten si hovudoppgåve er å vere med på å skape ei sosial og trygg ramme før, under og etter kampen.
  • Kampverten har på gul kampvert-vest, som ein finn i vekeskiosken
  • Kampverten skal vere til stades og synlig under heile arrangementet.

Før kampen

  • Oppmøte seinast 30 minutt før kampen
  • Du ser i stadiondagboka på nettsida kva BANE de skal spele på, og DOMMAR.
    (Stadiondagboka er riktig, MinFotball kan vere feil angåande bane…)  
  • Ønske begge lag og dommar velkommen
  • Vere tilstade når dommar og begge hovudtrenarane helsar (FairPlay-møte)
  • Trenarar og spelarar på ei side, publikum på andre.

Under kampen

  • Oppfordre til positivitet fra trenere/lagledere, både mot spelarar og dommar.
    Ikkje gå i ein klinsj, men gi beskjed til ronnaug@vti-fotball.no om noko var ugreit.
  • Hent FRUKTFAT i kiosken like før pause del ut til både heimelag og bortelag

Etter kampen

  • Takke for kampen, og ønske motstandar og dommar vèl heim.
  • Minne dommar på at ein finn betalingsskjema i kiosken
  • Bidra til å rydde opp etterkampen
  • Heng vesten tilbake
  • Heise flagget (det ligg i kiosken)
  • Sjekke at garderobene er grei
  • Hjelpe trenarteam med mål/bane/cornerflagg
  • Vere synleg, ha på deg kampvertvest (den finn du ved kiosken)
  • Ha kaffe og vafle klart til dommarar på A-kamp. Kaffe og sjokolade på D2/H2-kamp.
  • Ønske begge lag og dommarar velkomen.
  • Oppfordre til at tilskodarar står på motsatt side av laga og står godt utenfor sidelinja.
  • Vite kvar klubbens hjertestarter er (i lillegangen ved kiosken) og ha telefon for å ringe 113
  • Støtte dommaren, agere om reaksjoner mot dommer(e) ikkje er innafor rimelighetens grenser.
  • Fruktfat treng du ikkje å lage til, dette gjer oppmenn før kampstart
  • Prate med dommar(ar) i pausa.
  • Publikum skal opphalde seg minst to meter unna sidelinjene
  • Takke dommar(ar).
  • Ønske dommarar og motstandar vèl heim
  • Ta ned flagget, legg det tilbake i kiosken. Om det er vått: heng det opp over brusskapet, til tørk