TELENOR XTRA FFO

Volda TI Fotball tilbyr eit fantastisk fotballfritidstilbod (FFO) for born frå 1. til 4. klasse. Her får borna moglegheita til å utvikle seg både fysisk, psykisk og sosialt i eit trygt og inkluderande miljø.

FFO er ei privat fritidsordning for born i 1-4 klasse.

Vi dekkjer skulane: Bratteberg, Mork, Øyra og Folkestad.

Telenor Xtra Volda FFO følger skuleruta til Volda Kommune. I alle skuleferiar og inneklemde dager så held vi opent, under namnet Camp. Eit heildags opent tilbod frå 08:00-16:30. Volda FFO har ingen stengde dagar med unntak av raude dager og after (eks. Julafta) om dei ikkje kjem på raude dagar.

Telenor Xtra Volda FFO starta opp alt i August 2013. Det var ein lang prosess med mykje kartlegging av andre FFO-ar for å kvalitetssikre at TXVFFO blei så bra som den kunne bli. Ved oppstart var det 75 born og det var 4 ansatte i VTI-Fotball inn mot FFO. Sidan oppstarten har pilene gått i positiv retning og vi tel per i dag (februar 2025) 110 barn og i tillegg 70 born på Bygg1-Akademiet (5-10 klasse) og vi har 13 ansatt som utgjer totalt 8 årsverk.

Vi er ei FOTBALLfritidsordning, så det ligg i ordet at hovedfokuset er fotball.

Vi held til på Volda stadion og nyttar oss av det flotte aktivitetsområdet med 3 utandørs kunstgrasbaner, 1 innandørs fotballhall og eit klubbhus perfekt for borna på FFO.

I tillegg til fotball har vi eit stort fokus på allsidighet.

Vi ynskjer at borna skal oppleve eit mangfald av aktivitetar og oppleve mest mogleg både ute i den frie naturen på og rundt stadionområdet, eller andre stadar i sentrumsområdet av Volda kommune.

Eksempel på dagsrytme:

12:15-13:15: Henting av born på skulene, registrering på skule og transport til stadion.
13:20: Ankomst Volda stadion.
13:20-14:00: Mat
13:30-14/14:30: Frileik
14:00/14:30-15:00/15:30: Organisert aktivitet med trenarar
15:00/15:30-16:00: Frileik på klubbhuset eller uorganisert fotball i hallen/ute.
16:00-16:30(16:45): Fruktmåltid, hentetid
16:30: FFO slutt.

Alle borna som deltek på FFO skal bli møtt av ein av våre ansatte på skulane ved skuledagen sin slutt.

Vi ser til at borna får med seg nødvendig utstyr, og har dialog med skulen og lærarane om det er noko vi bør vite om (konflikter, sykdom etc.).

Målet er at det skal vere ein mjuk overgong fra skule til FFO. Barna vert observert og tatt hand om av dyktige instruktørar på skuleplassen før dei blir transportert fra skulen til Volda stadion.

Vi har eit stort fokus på sikkerheit og tryggleik i hentetida og i trafikken på veg til stadion. Vi har nye minibussar og samarbeid med VY dei dagane det er monge born som skal hentast til stadion.

Telenor Xtra Volda FFO har som mål å servere både varm- og kald-mat med høgt næringsinnhald.

Vi serverer varm mat 3-5 dagar per veke. Menyen varierar, men er tilpasset ynskje og allergier for alle born.

Til dømes kan de bli servert kjøttdeig og spagetti, pølsesuppe, havregrynsgrøt og tomatsuppe.

Måltida rullerar frå veke til veke, slik alle får smake dei ulike rettane. For dei som ikkje likar desse måltida vil dei få servert et sunt og godt brødmåltid, eller havregryn.

På slutten av dagen vert det laga til eit stort fruktfat der borna kan gå og forsyne seg frå, før dei reiser heim.
Fruktmåltid opplev vi som særs positivt fra borna og for enkelte kan dei ikkje forlate stadion uten sin daglege frukt-dose.

Alle borna som går på FFO får bestille seg utstyr fra Telenor Xtra.

Dei får ein bag, draktsett og ein treningsdress (sjå link under).

Dagleg leiar FFO

Magnus Lien Bischoff

FFO-Ansvarleg:

Arild Hagen Bakke

Det vert fakturert for kvar mnd. på samme måte som elles i kommunen for SFO ordningen med et jevnt beløp fordelt over 11 mnd. (august – juni).

Det er 1 måned oppseiingstid, gjeldande frå den fyrste i kvar månad.

Søskenrabatt
Rabatt vert gitt den/dei med lågast normalpris. Det er 30% rabatt for søsken nr 2 og 50% rabatt for søsken nr 3 eller fleire.

Prisane inkluderer

  • Treningstøy
  • Transport frå skulane
  • Måltid 1: Varm mat / brødmat – Måltid 2: Frukt
  • Leksetid
  • Kvalifiserte trenara
  • Kvalifiserte rettleiarar til leksehjelp

VEDTEKTER FOR VTI FOTBALLFRITIDSORDNING

§ 1. FORMÅL

Fotballfritidsordninga (FFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod etter undervisningstida til elevane i 1.-10. Klasse. Tilbodet skal vere eit alternativt til skulefritidsordning, og fokusere på fysisk aktivitet og då særskilt fotball. Fotballaktiviteten er sentral, men den må utformast som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen. FFO skal også sette av tid for leksearbeid. FFO skal skape bevegelsesglede gjennom variert aktivitet. FFO skal bidra til godt kosthold, læring av respekt, folkeskikk og fair play.

§ 2. ANSVARLEG STYRINGSORGAN

VTI Fotball sitt styre er ansvarleg styringsorgan for fotballfritidsordninga.

§ 3. LEIING, STYRING OG ANSVAR

Leiar for FFO har det administrative og pedagogiske ansvaret for fotballfritidsordninga, er ansvarleg for planlegging og styrer dagleg drift. Leiar skal ha pedagogisk og fotballfagleg utdanning og/eller erfaring.

§ 4. BEMANNING

Rettleiande norm er 10-15 born pr. tilsett. Dette er ikkje til hinder for at det i kortare periodar av dagen kan vere fleire eller færre born pr. tilsett. Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest.

§ 5. INNTAK AV BORN

Leiar for fotballfritidsordninga gjer opptaket i samarbeid med styret. I dei høve fotballfritidsordninga ikkje har plass nok til alle som søkjer, kan aktivt utøvande medlemmer av VTI Fotball prioriterast. VTI Fotball har rett til å bestemme antall FFO-plassar, og kan ta hensyn til økonomiske konsekvensar ved inntak. Foreldre til born med behov for særskilt oppfølging vert bedne om å ta kontakt med VTI fotball for å avklare muligheitene for inntak og oppfølging. For 1. klassingar, samt 5.-10. klassingar kan det søkjast om FFO for ein, to, tre, fire eller fem dagar. For 2.-4.klassingar må ein minimum velje to dagar FFO i løpet av ei veke.

§ 6. OPNINGSTIDER

Den daglege opningstida kan bestemmast nærmare av VTI fotball, men er i utgangspunktet frå skuleslutt til kl. 1630. Fotballfritidsordninga held ope alle skuledagar. I skuleferiar eller ved planleggingsdagar/inneklemte dagar skal FFO halde open, då i Camp-regi.

§ 7. FORELDREBETALING

Styret i VTI fotball fastset foreldrebetalinga kvart år, men FFO skal ikkje vere vesentlig dyrare enn kommunal skulefritidsordning. Sidan FFO held opent alle dagar (bortsett frå raude dagar) gjeld foreldrebetalinga for 11 mnd. per år. Dersom barnet sluttar i fotballfritidsordninga, er det 1 månads oppseiingstid rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Ved oppseiing etter 1. april må ein betale for plassen ut juni månad. Oppseiing eller endring av plassen må gjerast skriftleg og sendast til leiar for fotballfritidsordninga. VTI fotball bør tilstrebe å gi om lag same syskenrabatt som i kommuna si skulefritidsordning.
VTI fotball kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for. Dei føresette får melding om oppseiing med 1 månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles verte lagt til grunn ved seinare opptak.

§ 8. TEIEPLIKT

Alle som arbeider i fotballfritidsordningane, har teieplikt.