Bli medlem

Velkomen som medlem i Volda TI Fotball. 

Klubben brukar Spond som medlemssystem og innmelding skjer via skjema du finn ved å trykke på knappen «Bli medlem». I skjema kan du velge om det er du som skal bli medlem eller om det er bornet ditt. Du kan velje mellom tre medlemstypar:

  • Støttemedlem
  • Medlem born (0-17 år)
  • Medlem vaksen (18 år og oppover)

Støttemedlemmar betaler berre medlemskontigent, medan aktive spelarar betalar både medlemskontigent og treningsavgift. Når du har valgt medlemstype, får aktive medlemmar velge gruppe (lag). Finn riktig aldersgruppe og fyll inn nødvendige opplysningar.

Last ned Spond appen frå Google Play (Android) eller App-Store (iOS). Her får du tilgang til laginformasjon, informsjon frå klubben osb.

​For å spele fotball i VTI-fotball må du både vere medlem i klubben og betale treningsavgift til Volda TI Fotball. Forsikring for kvar einskild spelar vert dekka av klubben.

Alle nye spelarar får ei prøvetid på ca ein månad slik at dei kan finne ut om dei trivst i klubben.

Krav om treningsavgift vert sendt til kvar einskild spelar ut frå kven som er registrert i lagsgruppene i Spond. Nye spelarar som kjem til etter sesongstart må registrere seg i Spond og vil då seinare få tilsendt krav om treningsavgift.

Treningsavgifta er ei viktig inntektskjelde for VTI Fotball, men dekkjer berre ein del av kostnadene ved å vere aktiv i VTI Fotball. I tillegg må spelarar/foreldre også stille opp på fellesdugnader eit par gonger i året, selje lodd og Circle-K kopp og bidra på 1 kioskveke i året. Spelarar som har vore aktive på haustsesongen (etter 01.08) må også selje lodd og Circle-K kopp, sjølv om dei slutta før sesongslutt.  

​Innkreving
Treningsavgift blir kravd inn gjennom Spond. 

Dersom nokon ønskjer ein avtale om delbetaling, kan ein kontakt dagleg leiar i klubben

Ein får ikkje spele kampar dersom ikkje avgifta er betalt.

  • Lagforsikring ligg inne i kontigenten, og VTI Fotball betaler samla forsikring for alle spelarane.
  • Tilbod om heilårsfotball med tildelt bane i SpareBank1 Hallen utan leigeutgifter gjennom vinteren
  • Løn til ansatte
  • Speledrakter
  • Gratis trenarkurs til alle trenarane og diverse andre relevante kurs
  • Støtteapparat
  • Dekking av dommarutgifter
  • Gratis deltaking på eigne cupar (Kiwicup og EAT MOVE SLEEP cup)
  • Moglegheit for å leige minibuss privat, og låne den svært billig til fotballaget
  • Tilbod om ekstratrening
  • Drift av klubbhus, baner og SpareBank1 Hallen(straum, toalett, reingjering, vedlikehald)
  • Bruk av baner og SpareBank1 Hallen, utanom treningstider, utan leige
  • Låne baner og hallen utan leigeutgifter ved eigne lagarrangement der all inntekt går til eige lag (venneturneringar, miniturneringar)
  • Låne kjøkken og toalett utan kostnad ved fotballarrangement
  • Bruke klubbhuset til møter og sosiale treff gratis ved fotballarrangement
  • Nødvendige reperasjonar for å halde anlegget i drift
  • Investeringar for å forbetre anlegget for at flest mogleg får nytte seg av fotballfasilitetane i Volda

Intersport Volda (Voldaportalen)

Alt av Adidas-produkt 20% rabatt

Bertel O'Steen Ørsta

Tilbod på Dekkhotell

Notar Volda

2500 kr i rabatt ved sal av bustad

Coop har i samarbeid med Røde Kors starta ein dugnad for å bidra til at alle barn skal kunne drive aktivitet, uansett økonomiske forutsetningar. Coop dugnaden dekkjer kostnadar tilknytta fritidsaktiviteter for barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Dette inneber kostnadar knytta til sjølve aktiviteten som trenings eller kursavgift, medlemskontingent, cup og konkurranseavgifter, men også utstyr og klede.

For å melde deg/bornet ditt ut må du gjere følgande:

  1. Ta kontakt med det aktuelle laget sin kontaktperson.
  2. Send skriftleg melding til ronnaug@vti-fotball.no

(NB. Ved utmelding skal drakter og eventuelt anna utstyr som er lånt av klubben, leverast tilbake til klubben.

Dagleg leiar

Rønnaug Myklebust