Trenarteam Volda A-lag dame 2025 klart

Trenarteam Volda A-lag dame 2025 klart

Kontinuitet + et trenar comeback = Trenarteam damelag

Volda A-lag damer sikra seg ein imponerande opprykk til fylkesserien for 2025-sesongen. No er klubben glade for å kunne presentere eit solid trenarteam som skal leie laget vidare. 

Kjell Frode Ervik held fram som hovudtrenar, noko som gir kontinuitet i det sportslege arbeidet. Den tidlegare midtbane-maestroen har markert seg som ein trenarkapasitet med særleg styrke innan teknisk- og taktisk utvikling. Med si lange erfaring og brennande engasjement for fotballen, vil Kjell Frode vere viktig for laget si vidare utvikling. 

Trenarteamet får ei spennande forsterking i Anja Nautvik, som tek rolla som assistenttrenar. Med solid bakgrunn både som spelar og trenar i klubben, tar ho med seg verdifull kompetanse innan fysisk- og mental trening. Dette vil gi trenarteamet ein breidde i kompetansen som vil kome spelarane til gode. 

Vi er særs nøgde med å ha fått på plass eit sterkt trenarteam. Deira komplementære dugleikar dannar eit solid fundament for vidare utvikling av laget. 

Spelargruppa representerer ei spanande blanding av rutinerte spelarar og unge talent. Med det nye trenarteamet på plass er grunnlaget lagt for å vidareutvikle både den gode treningskulturen og det gode miljøet i gruppa. Klubben jobbar også med å styrke teamet ytterlegare. 

Volda TI ser fram til ein spanande sesong i fylkesserien, der både spelarar, trenarteam og supporterar er klare for nye utfordringar. 

Kjell Frode Ervik og Anja Nautvik (Foto: VTI Fotball)
Del: