Trenarteam Volda A-lag herre 2025 klart

Trenarteam Volda A-lag herre 2025 klart

Gleda er stor, trenarteamet forlengar sine kontrakter

Det er med stor glede at Volda TI Fotball kan annonsere at trenarteamet for A-lag herrer for sesongen 2025 er klart.

Arild Hagen Bakke held fram som hovudtrenar. Med høg fotballfagleg kompetanse, stort engasjement og sterk relasjonskompetanse, har han vore ein viktig bidragsytar til laget si positive utvikling gjennom sesongen.

Som assistenttrenar held Tony Ristesund fram. Ristesund har markert seg som ein særs dyktig trenar med spesiell evne til å jobbe tett med enkeltspelarar, og han har vist seg som ein svært god miljøbyggar i klubben.

Kristian Lillebø kompletterer teamet ved å halde fram som keepertrenar. Som ein av dei dyktigaste keepertrenarane på Sunnmøre er han ein stor ressurs for klubben.

Trioen har gjennom årets sesong bygd eit lag med ein god treningskultur og eit sterkt miljø. Klubben gler seg no til å sjå korleis desse tre dyktige trenarane kan vidareutvikle spelarane og laget når ein neste sesong skal spele i Norsk Tipping-ligaen.


Del: