Volda Bilmesse er historie.

Volda Bilmesse er historie.

Volda Fotball har arrangert Volda Bilmesse over fleire år, og vi er svært takksame for alle utstillarar som har vore med oss i alle desse åra. Volda Bilmesse har vore ein stor suksess og eit stort og viktig arrangement for klubben så vel som for utstillarane. Dei siste 2 åra har det vore utfordrande å gjennomføre Volda Bilmesse, noko som har resultert i flytting av dato frå vår til haust, i tett dialog og etter ynskje frå mange av utstillarane. I år har vi fått mange forfall siste veka, og det er ikkje mogleg å gjennomføre Volda Bilmesse på ein god og forsvarleg måte.

På styremøte måndag 6. oktober drøfta styret i Volda Fotball vegen vidare for arrangementet Volda Bilmesse. Det er ikkje kjekt verken for utstillarar eller for klubben at endringar har kome i siste liten. Det ligg mykje planlegging og ressursar i Volda Bilmesse frå begge partar, og vi ser det vert vanskeleg å gjennomføre i forhold til forutsigbarheit for alle partar.

Styret i Volda Fotball har difor fatta vedtak om å avvikle Volda Bilmesse. Arrangementet vert for usikkert for alle partar med endringar siste vekene før gjennomføring, noko som ingen av oss i utgangspunktet ynskjer eller er tent med. Volda Fotball synes det er beklageleg at vi ikkje lenger har kapasitet til å arrangere Bilmesse. Starten på Volda Bilmesse kom med ein stor gjeng engasjerte foreldre som la ned ein kjempestor innsats i å arrangere messa. Det vart ein stor suksess og eit kjekt arrangement for lokalsamfunnet. Mange av drivkreftene er ikkje lenger i klubben, og vi ser det er vanskelegare å få med seg utstillarar til å fylle ei heil messe. Tida er difor inne for å avslutte Volda Bilmesse.

Volda Bilmesse 2025 vert difor avlyst. For framtida vert det ikkje arrangert bilmesse av Volda Fotball.

Vi takkar så mykje for samarbeidet i dei åra Volda Bilmesse har vore arrangert! 💚

Del: