VI var med på plastdugnaden!

VI var med på plastdugnaden!

Volda Fotball ryddar plast: Botnasanden til Volda Stadion og Panoramavegen 💚

Kva er plastdugnaden?

«Plastdugnaden er et samarbeid mellom Handelens Miljøfond og 18 SpareBank 1-stiftelser over hele landet. Her får barn og unge mulighet til å rydde plast og samtidig tjene penger til sin forening.»

Korleis fungerar plastdugnaden?

«Barn og unge (6-19 år) som er medlemmer i foreningen rydder i minst tre timer.

Etter dugnaden sender dugnadsleder inn en sluttrapport med antall deltakere og mengden som ble ryddet.

For hver deltaker får foreningen 500 kroner i støtte.»

Handelens Miljøfond – plastdugnaden

Volda Fotball fekk innvilga midlar til plastdugnaden som Handelens Miljøfond står bak. Dette er utruleg kjekt og eit fantastisk tiltak for klubben! Alle spelarane på dei yngste laga våre frå 6 til 9 år vart invitert med på aksjonen og det var veldig godt oppmøte.

Vi har organisert dugnaden i fleire etapper for at det skal nå flest mogleg. Det er ikkje lett å å få 200 born og ungdommar til å samle seg ein ettermiddag. Derfor gjorde vi det i forkant av to av kampane til våre seniorlag. Tilbakemeldingane frå foreldre var at denne dugnaden var veldig sosial og det var i tillegg til mange spelarar også mange søsken som deltok på dugnaden. Til tross for veiret i Volda sist laurdag ikkje var på sitt beste så var det heldigvis ingen stoppar for ivrige flinkisar. No i ettertid har vi fått dekt områda som vi har fått tildelt frå Botnasanden og stranda tilbake til Volda Stadion + Panoramavegen.

Etter dugnadane fekk alle spelarane pølser & brød og saft før heimekamp til senior damer eine laurdagen og senioer herrer den andre laurdagen som begge vart spelt i SpareBank1 Idrettspark.

Til saman kan Volda Fotball få innvilga inntil kr 100.000, – for innsatsen – eit utruleg kjærkome bidrag til klubbøkonomien.

Vi må og få ta med at dette er ein form for dugnad som ikkje bare gjer gevinst for naturen på kort sikt når den vert rydda, men måten dugnaden er lagt opp så får vi aktivisert borna, dei må sjølv ta del i arbeidet som igjen vil gje naturen ein gevinst på eit mykje lenger perspektiv. Det vert garantert satt i gang ulik tankeverksomheit blant borna som vil tenkje seg om både ein og to gongar før dei hiv plast i naturen i framtida.

Tusen takk! @handelensmiljofond, @Sparebankstifitinga Søre Sunnmøre og tusen takk til alle spelarar, søsken, foreldre og familiemedlemmar som tok del i denne dugnaden.

Ei av gruppene før oppstart!
Ei av gruppene før oppstart!
Dessverre bare delar av fangsten borna gjorde på dugnaden. Det viser veldig tydeleg kor viktig det er med slike dugnadar..
Del: