Nytt år og nye moglegheiter – eit år med fleire store endringar.
Heilt sida 2013 har vi i Volda Fotball haldt på med Telenor Xtra Volda FFO. Det har vore ei solskinnshistorie for oss og for mange barn og føresette. FFO`en i Volda har vore ei fotballfritidsordning som har høsta mykje skryt både lokalt i eigen krets, men og nasjonalt. Ikkje mindre enn 14 gongar har vi vore rundt og reist i Norge for å presenterer vår FFO og det vi har fått til og forhåpentligvis vore til stor inspirasjon for andre.
No går vi snart inn i eit nytt år og det blir for oss kanskje det mest spennande og litt fryktingytande året på lenge. Det er store endringar i den kommunale SFO ordninga og vi veit endå ikkje korleis dette slår ut på vår FFO. Vi gjer det vi kan for å være konkurransedyktige, men mest av alt har vårt fokus alltid vært å forsøke å gje eit så godt tilbod til føresette som mogleg og være eit supplement i kommuna til både born og vaksne.
Dei to endringane vi kjem med i 2026/27 er fylgjande:
Relansering av MORGON FFO. Det vil frå komande skuleår være mogleg å melde på FFO også på morgonen. Dette gjeld for dei som er påmeldte FFO og som går på skulene Bratteberg eller Øyra. Vi har i utgangspunktet åpningstid 07:30 – 08:15 med transport til skulane slik at borna skal være trygt fremme og i rett tid til skulestart. Det vil og være mogleg om det skulle vere enkelte med behov for levering før 07:30 og då strekk vi oss til 07:00, men her blir det gjort særskilte avtaler slik at vi slepp å bruke ressursar unødig så tidleg på morgonen.
Prisar: 1 dag: 200,- 2 dagar: 400,- 3 dagar: 600,- 4 dagar 800,- 5 dagar: 900,-
Kortdagsprosjektet 14:45-16:30. Her snakkar vi ferskt tilbod, dette har vi aldri gjort før, men vi har trua på det. Då det eine tilbodet til kommuna er å kun tilby «12 timers gratis plass» utan morgon sfo og utan moglegheit for å bruke timane sine fritt, men heller fordeler dei gjennom heile veka så ser vi at mange kan ha behov for pass/støtte i tidsrommet 15:00-16:30. Derfor lanserar vi kortidsprosjektet som går frå 14:45-16:30. Då er planen at vi hentar borna på SFO/skuleplassen og transporterar dei til stadion. På stadion vil dei få eit aktivitetstilbod frå ca. 15:00-16:00 og ein stad å vere frå 16:00-16:30 før dei blir henta. Det blir ikkje noko matservering i dette tilbodet med unntakt av fruktmåltidet som alle får på slutten av dagen uansett. Dei som vel dette tilbodet vil også få moglegheit til å velje 1-5 dagar med morgonFFO ut i fra behovet de skulle ha.
Pris: 1 dag: 780,- 2 dagar: 1240,- 3 dagar: 1500,- 4 dagar: 1990,- 5 dagar: 2550,-
Pris morgonFFO: 1 dag: 300,- 2 dagar: 600,- 3 dagar: 800,- 4 dagar: 1000,- 5 dagar: 1200,-

