Samarbeidsavtale gir fokus på kvinnehelse og Idrett

Samarbeidsavtale gir fokus på kvinnehelse og Idrett

Volda Fotball er så heldige å ha Vikebygda Sanitetslag med på laget. Vikebygda Sanitetslag har, sidan 1925, jobba for å betre helsa til folk i bygda og spesielt til kvinner. No har Volda fotball og Vikebygda Sanitetslag inngått ei samarbeidsavtale, noko vi er svært glade for.

Eit ledd i samarbeidsavtalen er at Volda Fotball får ta del i sal av Fastelavnsris. Dette er ei viktig oppgåve for våre spelarar å ta del i og lære kva betydning Vikebygda Sanitetslag har i bygda, og kva ein slik dugnad har av verdi for forsking på Kvinnehelse. Begge lag nyttar høve til å takke for god mottaking og støtte i salet av Fastelavnsris.

Tysdag arrangerte Vikebygda Sanitetslag og Volda Fotball Temakveld for fotballjenter i ungdomsalder. Vi var så heldige å få med oss Vilde Lund Osdal, overlege ved Gynekologisk avdeling Volda og jordmor, til å snakke om temaet.

Vilde spelar fotball, er mor til 4 og  gav alle dei frammøtte viktig informasjon om temaet.

Temaet er også noko Norges Fotballforbund har satt på dagsorden, og det er utarbeidd eigen menstruasjonsguide. Den har som mål å gjere treningskvardagen betre for jenter ved at så mange som mogleg i idretten får auka forståing og kunnskap om korleis kvinnekroppen fungerer.

Vi ser fram til fleire Temakveldar i lag med Vikebygda Sanitetslag, og takkar for at dei er med på laget!

Del: