(Foto: Sander Teimansen)
Etter ein innhaldsrik 2025-sesong i fylkesserien, der laget har fått bygge vidare på det gode fundamentet frå opprykket, er det no klart at kontinuiteten blir ivaretatt også i 2026. For Volda Fotball er det avgjerande å ha trygge og kompetente trenarar rundt spelargruppa, og vi er difor svært nøgde med at dagens trenarduo går laus på eit nytt år.
Ervik og Nautvik held fram
Kjell Frode Ervik styrer skuta vidare som hovudtrenar. Kjell Frode har gjennom tida si i klubben vist seg som ein fagleg sterk fotballmann med eit særleg blikk for den tekniske og taktiske utviklinga av spelet. Engasjementet for at kvar einskild spelar skal ta steg, kombinert med evna til å sjå heilheita i laget, gjer han til ein viktig bærebjelke i det sportslege arbeidet rundt damelaget.
Med seg som assistenttrenar har han framleis Anja Nautvik. Anja er ei stor ressurs for gruppa, ikkje minst med sin kompetanse innan fysisk og mental trening. Ho kjenner klubben ut og inn, både som tidlegare spelar og trenar, og bidreg til ein god treningskultur der heile mennesket blir sett. Kjell Frode og Anja utfyller kvarandre godt, noko som gir spelarane eit heilskapleg og solid opplegg.

Ny keeper-ressurs
Sjølv om kontinuitet er viktig, er det alltid kjekt med friskt blod inn i støtteapparatet. Vi er stolte av å kunne presentere Cecilie Rebbestad som ny keepertrenar for 2026-sesongen.
Cecilie har sjølv vokta buret for både Volda, Hessa og Spjelkavik, og tek med seg ei solid dose rutine frå bana. Det er likevel engasjementet hennar for keeperrolla som verkeleg skil seg ut. I Cecilie får vi ein trenar som brenn for keeperrolla. Ho vil få hovudansvaret for oppfølginga av våre sisteskansar.
Klare for 2026
Med dette teamet på plass ligg alt til rette for ein spennande sesong. Spelargruppa har vist god utvikling gjennom 2025, og med eit styrka apparat rundt seg ser vi lyst på fotballåret som kjem.

