Dette er ei fjør i hatten for Volda Fotball og eit bevis på det gode utviklingsarbeidet som blir lagt ned i klubben kvar einaste dag. Eit av våre mål som ein tydeleg utviklingsklubb er å utvikle talentfulle spelarar som kan ta steget vidare til eit høgare nivå. At Nicholas no får denne moglegheita i AaFK, er noko vi som klubb gler oss stort over.
Hovudpersonen sjølv er takknemleg for tida i Volda og legg ikkje skjul på kor mykje klubben har betydd for utviklinga hans. I eit intervju med AaFK seier han følgjande:
– Det har vore heilt fantastisk å spele for Volda. Det er dei som har gjort meg til ein god fotballspelar, og dei har jobba skikkeleg hardt for å få meg betre. Volda er utan tvil ein veldig god klubb på utvikling av spelarar.
Slike ord varmar eit kvart Volda-hjarte og er den beste tilbakemeldinga vi kan få.
Frå sportsleg leiar Sindre Sandbakk i Volda Fotball er det berre godord å høyre: – Vi er utruleg stolte av Nicholas. Han har vist ein enorm vilje til å trene og bli betre kvar einaste dag. At han no blir lagt merke til og får ein slik sjanse, er fullt fortent. Dette er ein stor dag for han, og for oss som klubb.
Sjølv om Nicholas no formelt er AaFK-spelar, vil voldapublikummet framleis sjå den 194 cm høge midtstopparen i aksjon på Volda stadion ut året. Vi ser fram til å ha med oss Nicholas vidare i den spennande haustsesongen!
Volda Fotball gratulerer Nicholas Alme Bakke med proffkontrakta og ønskjer han all lukke i AaFK når den tid kjem. Først skal vi fullføre jobben saman i 2025!
