Det er duka for ei skikkeleg fotballfest på Volda stadion (Sparebank1 Idrettspark) når Volda tek imot Sogndal til den 1. runden i Noregsmeisterskapet (NM)! Kampen vert spelt laurdag 12. april klokka 16.00.
Cupen er noko heilt spesielt, og å få møte eit lag som Sogndal på heimebane i første runde er ei fantastisk ramme for ein spennande fotballdag. Sogndal er kjende som eit sterkt lag med lange tradisjonar i norsk fotball, og det blir utan tvil ei tøff utfordring for våre gutar. Men i cupen kan alt skje, og med solid støtte frå tribunen er ingenting umogleg!
Dette er ein kamp du ikkje vil gå glipp av! Volda-laget treng all den støtta dei kan få i møtet med Sogndal. Vi oppmodar heile Volda-samfunnet – familiar, vener, studentar, og alle fotballglade – til å kome på kamp og lage ei flott ramme rundt arrangementet. Ta på deg Volda-fargane, finn fram flagget og stemmebandet, og bli med på å heie fram heimelaget!
