Sveinung T. Sæterås vender heim

Sveinung T. Sæterås vender heim

Etter å ha vore ute og lufta seg som fotballspelar i 10 år er han endeleg tilbake

Sveinung T. Sæterås kom sjølv til Volda frå Dalsfjorden i 2013 sesongen og spelte 2 sesongar på vårt G16 lag, dei lovande 1997/1998 årgangane. Det tok ikkje long tid etter gode prestasjonar på G16 før Sveinung vart flytta opp i a-stallen og spelte 17 kampar for vårt a-lag før han tok turen til Hødd.

Etter nokre år i Hødd og med ein gjesteopptreden for Bergsøy (6 kampar) har Sveinung hatt ei pause frå fotballen før han i 2024 kom tilbake og spelte fotball igjen for Vanylven. Det er nettopp Vanylven Sveinung kjem frå no og vi som er rundt han i treningssammenheng ser at det oser motivasjon i mannen og han gledar seg til å kle på seg den grøne drakta i løpet av året.

Sveinung kjem tilbake til Volda og er for tida skada. Han har pådratt seg ei skade i kneet som gjer at han må vente litt med å spele kampar, men med det flotte apparatet vi har fått inn rundt a-lag herrer i Pål Christian Brautaset og Einar Kriken Fylling i tillegg til fysisk trenar Evan Hagen så er vi sikre på at rehabiliteringstida vert så kort som mogleg.

Vi ynskjer Sveinung velkomen heim og gledar oss til å sjå han i grønt i 2025!

Del: