For nokre veke sida ble Pål-Christian Brautaset (sit i sportsleg utval) utfordra til å prøve å få på plass eit helseteam rundt a-laga i klubben. Pål-Christian er sjølv fysioterapaut og har eigen klinikk i Volda, Brautaset fysioterapi. Med hans kjennskap til andre fagpersonar tok han kontakt med Einar Kriken Fylling frå Klinikk for Alle som held til i Ørsta. Einar var tidleg positiv og får i tillegg til seg sjølv med seg fysioterapaut Fredrik Sverdrup Lilleeng.
Volda Fotball har no dermed fått inn 2 dedikerte og godt skulerte fysioterapautar og ein kiropraktor. Dette kjem til å gje dame- og herre-laget eit stort løft inn mot skadeforebygging kor dei i hovudsak ynskjer å bruke ressursane sine. I tillegg vil dei gje akutt behandling om det skulle være nødvendig. Målsetninga til dei tre karane er å ikkje få nokre av spelarane til klubben innom klinikken.
Dei har plana om å starte allereie no før jul med å screene spelarane. Det innebærer å kartlegge hofter, musklelatur og anklar/kne med gjennom ulike testar og ut frå testane blir det lagt opp skadeforebyggande øvingar/tiltak for å forbetre evt. utfordringar. Alt av ansvar for utbetring blir liggande på spelarane og det er dei som til slutt må gjere jobben som trengs.
Pål-Christian Brautaset og Einar Kriken Fylling tar på seg hovudansvar for Herrelaget, mens Fredrik Sverdrup Lilleeng har hovudansvaret for Damelaget. Dei kjem til å rotere ut frå kva som passar. Målsetninga er at nokre av dei alltid er innom ei trening iløpet av veka sesongen igjennom.

Som om det ikkje var eit godt nok helseteam så har A-lag Herrer klart å knytte til seg Evan Hagen som fysisk trenar. Evan er utdanna PT gjennom Høgskulen i Volda. Han jobbar også på FFO og det er ein ressurs vi er kjempe fornøgd med at vi har klart å knytte til oss. Evn kjem til å følge opp spelarane tettare gjennom heile veka i treningssammenheng. I hovudsak vil han følgje opp spelarar på styrkerommet med styrkeprogram, kondisjonsprogram og andre ting. Han kjem til å jobbe tett saman med helseteamet slik at dei i lag legg opp gode økter for spelarane til å kunne ta store steg også utanfor bana, som vi igjen skal profitere på ute på bana.
Klubben er utruleg takksame for at vi har fått så mange flinke og dedikerte ressursar knytt opp mot våres seniorlag. Vi håpar og trur spelarane som allereie er i klubben får utnytta kompetansen og at nye spelarar som vurderar klubben ser at dei vert ivaretatt og fulgt opp på best mogleg vis.