Trenarteamet for Herre 2 og G19 er klart

Trenarteamet for Herre 2 og G19 er klart

Det er med glede Volda Fotball kan presentere teamet som skal leie rekruttlaga våre i den komande sesongen. Her snakkar vi om ei solid blanding av kontinuitet, lokal forankring og fagleg dyktigheit.

For den komande sesongen vil Herre 2 og G19 fungere som ei samla og robust treningsgruppe, sjølv om dei skal kjempe om poeng som to ulike lag i seriesystemet. For å sikre best mogleg utvikling for spelarane, har klubben sett saman eit trenarteam som utfyller kvarandre godt.

Viddal held fram ved roret

Etter ein god sesong i 2025, var det viktig for klubben å behalde Espen Viddal som hovudtrenar. Espen er eit kjent fjes i Voldafotballen. Med si erfaring, både som spelar og trenar, representerer han den tryggleiken og kontinuiteten gruppa treng for å bygge vidare på det gode arbeidet som allereie er lagt ned.

Holsvik inn som assistent

Med seg i teamet får han ein ekte klubbprofil. Lars Johan Holsvik går inn som assistenttrenar. Lars Johan har spelt i Volda-drakta gjennom ei årrekke, og var kjent for sin gode venstrefot og solide innsats.

Det at han no tek med seg erfaringa frå bana, samt tidlegare trenarerfaring i klubben, inn i denne gruppa, ser vi på som ein styrke.

Dynamisk rolle for Hagen

Evan Hagen går inn i ei spennande og delt rolle. Han skal bidra både som spelar og trenar. Evan skal både spele for Herre 2 og fungere som lagleiar med hovudansvar for G19 i kampsituasjonar.

Evan er allereie ein viktig ressurs i klubben som fysisk trenar for A-laget, samt trenar på FFO og Bygg1-akademiet. Hans kompetanse på fysisk trening blir eit viktig supplement til dei andre i teamet, og sikrar at gutane blir godt rusta for å tole belastninga gjennom sesongen.

Solid keeper-kompetanse

Sistemann i teamet er Håvard Hetle, som held fram som keepertrenar og hjelpetrenar. Trass sin unge alder har Håvard mykje erfaring. Den tidlegare U-landslagsspelaren studerer til dagleg ved Høgskulen og bidreg allereie godt inn mot Bygg1-akademiet. For keeperane i gruppa vil det vere svært nyttig å få tett oppfølging av Håvard.

– Svært kompetent

Sportsleg leiar i Volda Fotball, Sindre Sandbakk, er nøgd med kabalen som no er lagt.

– Vi er svært glade for å ha fått på plass eit så kompetent team til Herre 2 og G19-laga våre. Dette er personar som utfyller kvarandre godt, og vi har stor tru på at dette teamet skal klare å hjelpe spelarane til å ta nye steg i utviklinga si, seier Sandbakk.

Vi ønskjer trenarteamet og spelargruppa lukke til med oppkøyringa!

Evan Hagen, Espen Viddal og Lars Johan Holsvik. (Foto: Volda Fotball)

Del: