Etter lang tids leiting kan vi endeleg presantere vår nye G19 trenar.
Bjørn Erik Holm er 22 år og studerar ved Høgskulen i Volda. No blir han ikkje bare student og fotballspelar i bygda, men og trenar. Vi er veldig glade for å kunne meddele at trenaren er på plass for det nyoppstarta G19 laget vårt. No håpar vi på stor oppslutning med spelarar og at vi klarer å gje spelarar i aldergruppen 2008-2006 eit god supplement i kvardagen med ein trenings- og kamp-arena.
Vi ynskjer Bjørn Erik velkommen og lykke til og vil samtidig informere spelarar som ynskjer å bli med på laget i 2025 om å ta kontakt med Arild Hagen Bakke på mail: arild@voldafotball.no