Bygg1 forlengar med Akademiet og får einerett på Bygg1-Akademiet til 2028
Det er med stor glede vi har fått forlenga avtalen med Bygg1 for Bygg1-Akademiet til 2028. Bygg1 kom inn som hovedsponsor for akademiet i April 2022. Den gong var det 13 spelarar på akademiet. Løftet Bygg1 har vore med på har vore heilt uvurderlig. Dei har bidratt med midlar som igjen har gjort at vi har kunne løfta det opp til noko vi ikkje draumde om skulle vere mogleg. No tel vi over 80 spelarar som trenar etter skulen, 3 dagar i veka. Det er spelarar som har ei sterk eigainteresse for å utvikle seg og som vi ser tar steg for kvar veke. At vi ser at fleire spelarar tek steg fra ungdomsavdelinga og inn til diverse nasjonale tiltak gjennom toppklubb og ei stor oppblomstring av spelarar i landslagsskulen er ikkje tilfeldig.
Volda Fotball er utruleg takksam for at Bygg1 no blir med vidare i 3 år. Det gir oss ein fin ro over prosjektet og vi kan sakte, men sikkert jobbe målretta med å utvikle konseptet til å bli endå bedre for spelarane som igjen gagnar klubben og jakta på «100% utvikling – for alle» lev vidare i beste velgåande.