Trygge rammer

Det skal vere trygt for alle å delta i aktiviteten i Volda Fotball. Dette gjeld både spelarar, trenarar, dommarar, frivillige og publikum. Retningslinjene nedanfor er utarbeidd for å ha eit overordna system for korleis klubben jobbar med å skape trygge rammer for alle.

I Volda TI Fotball er vi stolte av å vere ein inkluderande breiddefotballklubb der alle skal kjenne seg velkomne og trygge. Som ein sentral samfunnsaktør i Volda har vi eit særleg ansvar for å skape gode og trygge rammer for barn og unge. Desse retningslinjene gjeld for alle som har roller i klubben vår.

Grunnprinsipp for kommunikasjon:
  1. Respektfull kommunikasjon
    • All kommunikasjon skal vere prega av respekt, openheit og inkludering
    • Vi brukar eit språk som byggjer opp og motiverer
    • Vi tek avstand frå all form for negativ språkbruk knytt til kjønn, etnisitet, religion, funksjonsnivå eller seksuell orientering
  2. Digital kommunikasjon
    • Spond er klubben sin offisielle kommunikasjonskanal for lag og grupper
    • All lagkommunikasjon skal skje i opne grupper der minimum to vaksne har administratortilgang
    • Private meldingar mellom trenar/lagleiar og enkeltspelarar skal unngåast
    • Sosiale medium som Snapchat, TikTok og private meldingar på Instagram skal ikkje brukast til klubbrelatert kommunikasjon

  3. Fysiske møte og treningar
    • Det skal alltid vere minimum to vaksne til stades på treningar og kampar
    • Ein-til-ein-situasjonar mellom vaksen og utøvar skal unngåast
    • Ved behov for individuelle samtalar skal desse gjennomførast på ein open stad eller med ein tredjeperson til stades
    • Transport til og frå aktivitetar bør organiserast i grupper

  4. Informasjonshandtering
    • Personleg informasjon om spelarar skal handterast konfidensielt
    • Bilete og video skal berre delast etter samtykke frå føresette
    • Ved bekymring for ein utøvar sin livssituasjon skal klubben sin handlingsplan for varsling følgjast
    • Avvergeplikta går føre all form for teieplikt

  5. Særleg for trenarar og lagleiarar
    • Ver tydeleg på di rolle og ditt ansvar
    • Kommuniser tydeleg med både spelarar og føresette om treningsopplegg og forventningar
    • Gje konstruktive tilbakemeldingar som byggjer sjølvtillit
    • Ver særleg merksam på gruppedynamikk og mobbing

Oppfølging og støtte:

Volda TI Fotball har eit eige tryggleiksteam som kan kontaktast ved spørsmål eller bekymringar.

Teamet består av:

  • Dagleg leiar
  • Representant frå SU
  • Klubbens fairplay-ansvarleg
Ved brot på retningslinjene:
  1. Hendinga skal rapporterast til tryggleiksteamet
  2. Saka blir behandla konfidensielt
  3. Nødvendige tiltak blir sett i verk
  4. Ved alvorlege brot blir fotballkretsen  kontakta
 
 

Volda TI Fotball jobbar kontinuerleg for å vere ein trygg arena der barn og unge kan utvikle seg både som fotballspelarar og menneske. Gjennom tydelege retningslinjer og open dialog skal vi saman skape eit miljø prega av respekt, samspel, glede og tryggleik.

Saman skapar vi trygge rammer for fotballglede i Volda!

Som ein ansvarleg klubb tek Volda TI Fotball trafikktryggleik på alvor. Vi har eit særleg ansvar for å sikre trygg transport av våre medlemmer, både til og frå våre eigne anlegg og ved reiser til kampar og turneringar.

 

TRANSPORTORDNINGAR

Aldersbestemt fotball (6-16 år):

  • Primært samkøyring med privatbilar
  • Lagleiar organiserer køyrelister der føresette blir sette opp som sjåførar
  • Fast oppmøtestad ved stadion før avreise

 

Junior- og seniorlag:

  • Buss blir nytta ved lengre reiser
  • Samarbeider med lokale busselskap
  • Klubben dekker kostnadane etter gjeldande avtalar

 

RETNINGSLINJER VED TRANSPORT I KLUBBEN SIN REGI

For privatbilar:

  • Bilen skal vere forsikra og i forskriftsmessig stand
  • Sjåføren skal vere ein vaksen person med god køyreerfaring
  • Øvingskøyring er ikkje tillate
  • Mobiltelefon skal ikkje brukast under køyring
  • God tidsplanlegging – stress skapar farlege situasjonar

 

Tryggleik i bil:

  • Alle passasjerar skal bruke bilbelte
  • Maks tal på passasjerar etter bilens godkjenning
  • Barn under 140 cm skal ikkje sitje i framsete med aktiv airbag
  • Bagasje skal vere forsvarleg sikra
  • Nakkestøtter skal vere riktig innstilt

 

Ved busstransport:

  • Nytt etablerte busselskap
  • Alle passasjerar skal ha sitt eige sete med bilbelte
  • Bagasje skal plasserast i bagasjerom eller sikrast forsvarleg
  • Følg sjåføren sine instruksar

 

 SÆRSKILDE OMSYN VED SPAREBANK1-ARENA

Køyring og parkering:

  • Bruk oppmerkte parkeringsplassar
  • Vis særleg omsyn ved dropping/henting av spelarar
  • Respekter fartsgrenser og køyremønster
  • Ver merksam på gåande og syklande

 

For gåande og syklande:

  • Bruk fortau og gang-/sykkelvegar der det finst
  • Bruk refleks i mørket
  • Sykkelhjelm er påbode for alle under 16 år
  • Sykkel skal ha godkjent lys og refleksar
ANSVAR OG OPPFØLGING

 

Klubben sitt ansvar:

  • Oppdatere retningslinjer årleg
  • Informere alle lag og grupper
  • Følgje opp hendingar og avvik

 

Lagleiar sitt ansvar:

  • Organisere trygg transport til kampar og turneringar
  • Informere føresette om retningslinjene
  • Sikre at køyrelistene blir følgde

 

Trenar sitt ansvar:

  • Ta opp trafikktryggleik på foreldremøte
  • Vere eit godt førebilete
  • Melde frå om eventuelle bekymringar

 

INFORMASJON OG OPPLÆRING

Klubben skal:

  • Dele retningslinjene på klubben si heimeside
  • Inkludere trafikktryggleik i trenarkurs
  • Arrangere årlege informasjonsmøte
  • Samarbeide med samarbeidspartnarar om trafikktryggingstiltak

Ved ulykker eller hendingar:

  1. Ring nødnummer ved behov (110, 112, 113)
  2. Varsle klubbleiinga
  3. Følg klubben sin beredskapsplan
  4. Dokumenter hendinga

 

SAMAN OM TRYGG TRANSPORT I VOLDA TI FOTBALL

Informasjon kjem

Informasjon kjem

Handlingsplan mot mobbing for Volda TI Fotball
Volda TI Fotball – Ein klubb for alle

Volda TI Fotball skal vere ein trygg og inkluderande klubb der barn, unge og vaksne opplever meistring, glede og fellesskap. Vårt mål er å skape eit miljø der alle føler seg velkomne, og der gode verdiar og haldningar vert utvikla – verdiar dei kan ta med seg ut i samfunnet.

Våre kjerneverdiar er:

Respekt og samspel

For å sikre at desse verdiane vert oppretthaldne, har vi nulltoleranse for mobbing, trakassering og hets.

Kva er mobbing?

Mobbing er gjentekne negative handlingar frå éin eller fleire, retta mot ein annan person. Det er den som vert utsett for handlingane, som avgjer om dei opplevast som krenkjande. Alle har rett til å bli tatt på alvor, og ingen skal måtte tole krenkingar.

Mobbing kan skje på ulike måtar:
  • Fysisk mobbing: Slå, sparke, dytte, lugge eller øydelegge eigedelar.
  • Verbal mobbing: Nedsetjande kommentarar, trugslar, ryktespreiing eller krenkjande språkbruk.
  • Psykisk mobbing: Utestenging, manipulering eller ryktespreiing.
  • Digital mobbing: Krenkjande meldingar, truande kommentarar, ryktespreiing eller deling av private/intime bilete på nett.
Ansvar og forventningar

For spelarar:

  • Respekter medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar og publikum.
  • Støtt lagkameratane dine og bidra til at alle føler seg inkluderte.
  • Ver positiv og vis omsorg for andre både på og utanfor bana.


For trenarar og lagleiarar:

  • Set spelarane i sentrum – de er her for dei.
  • Kommuniser positivt og konstruktivt, både med spelarane og andre rundt laget.
  • Ver ein tydeleg leiar, og reager alltid på mobbing eller uheldig oppførsel.
  • Ver ein god ambassadør for klubben og eit førebilete for spelarane.


For føresette og publikum:

Støtt klubben sine verdiar og møt opp til kampar og treningar for å støtte spelarane.
Gje oppmuntring til alle spelarane, både i med- og motgang.
Respekter trenarar, dommarar og andre vaksne si leiing av kampar og treningar.
Oppfør deg som eit positivt førebilete for både ditt eige barn og andre.

Handtering av mobbing
Når mobbing skjer:
  1. Reager med ein gong: Ta tak i situasjonen straks du blir merksam på den. Å ignorere mobbing sender feil signal.
  2. Snakk med den som vert mobba: Skaff informasjon og tilby støtte. Ver merksam på at den som vert mobba ofte underdriv omfanget.
  3. Snakk med den/dei som mobbar: Ha individuelle samtalar og gjer det klart at mobbing er uakseptabelt. Følg opp med nye samtalar om nødvendig.
  4. Involver føresette: Snakk med foreldra til både den som vert mobba og den som mobbar.
  5. Bruk Fair Play-utvalet: Dersom situasjonen ikkje kan løysast internt, søk råd og hjelp frå Fair Play-utvalet i klubben.
  6. Følg opp til mobbinga stansar heilt: Sørg for at situasjonen vert overvaka og handtert til problemet er løyst.

 

Førebygging av mobbing i Volda TI Fotball

For å skape eit trygt og inkluderande miljø jobbar vi systematisk med haldningsskapande arbeid:

  • Fair Play: Fair Play skal integrerast i alle delar av klubben, frå foreldremøte til spelarmøte.
  • Tydelige verdiar: Klubben sine verdiar – respekt og samspel – skal vere synlege både på og utanfor bana.
  • Prisar og utmerkingar: Vi ønskjer å løfte fram gode førebilete gjennom ein Fair Play-pris til personar eller lag som viser ekstraordinært gode haldningar.
  • Kvalitetsklubb: Gjennom arbeidet som Kvalitetsklubb byggjer vi ein sterkare og meir strukturert klubbkultur.
  • Kontraktar og avtalar: Fair Play-avtalar mellom klubb, spelarar og føresette vert nytta for å sikre felles forståing og ansvar.

 

Kvifor dette arbeidet er viktig

Mobbing er dessverre eit vanleg problem blant barn og unge, også i idretten. Volda TI Fotball tek desse utfordringane på alvor. Ved å reagere tydeleg og handle raskt sender vi eit signal om at mobbing ikkje er akseptert, og vi bidreg til å skape eit trygt miljø for alle medlemmar.

Handlingsplanen er utarbeidd av Fair Play-utvalet i Volda TI Fotball og basert på retningslinjene til Noregs Idrettsforbund.

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Retningslinjer for publisering av bilete og film av barn
Volda TI Fotball sine prinsipp

I Volda TI Fotball skal vi alltid innhente samtykke før bilete og video av barn blir publiserte i samband med våre aktivitetar. Dette blir vanlegvis gjort i samband med påmelding til aktivitetar.

Bilete som vert sende inn til klubben frå lag, skal på førehand vere godkjende av spelarane som er avbilda. Det er laget sjølv som har ansvar for å sikre at dette er gjort.

Volda TI Fotball ønskjer å bruke bilete og video frå våre arrangement for å vise fram den gode aktiviteten i klubben på våre plattformer, som nettside og sosiale medium. Bileta skal spegle aktiviteten vår og leggje vekt på glede, meistring og inkludering.

Vi følgjer retningslinjene til Noregs Idrettsforbund for publisering av bilete og film, som du kan lese meir om nedanfor.

Respekt for personvern

Det er viktig å ha respekt for integriteten og personvernet til barn og unge. Nokre kan ha særlege grunnar for å ikkje ønskje å bli teke bilete av, til dømes dersom barnet bur på hemmeleg adresse. Difor er det god skikk å alltid spørje om lov før bilete vert teke.

Som hovudregel skal det alltid innhentast samtykke frå alle som direkte eller indirekte kan identifiserast på biletet før det vert publisert. Dersom dei som er avbilda er under 15 år, må samtykke hentast inn både frå barnet sjølv og frå føresette.

 

Retningslinjer frå Noregs Idrettsforbund

Volda TI Fotball følgjer desse retningslinjene for bruk av bilete og film:

  1. Samtykke før publisering:
    Før bilete eller film vert publiserte, skal det vere innhenta samtykke frå alle på biletet og frå føresette dersom barna er under 15 år.
  2. Bruk av samtykkeskjema:
    Ved innhenting av samtykke til å publisere bilete og film, bør samtykkeskjema brukast. Det er berre aktivt samtykke som gir grunnlag for publisering.
  3. Barnet sitt ønske overstyrer:
    Dersom eit barn ikkje ønskjer at bilete eller film skal publiserast, skal dette overstyre foreldra sitt ønskje om publisering.
  4. Merksemd på situasjonar:
    Ein skal vere bevisst på kva situasjonar ein tek bilete eller film av. Ein skal aldri ta bilete av nakne barn og vere varsam med bilete av lettkledde barn. Vise måtehald ved bruk av fullt namn.
  5. Samtykke for kvart bilete/film:
    Det skal alltid innhentast særskilt samtykke for kvart enkelt bilete eller film som skal publiserast i opne eller lukka forum, som til dømes Facebook eller andre passordbeskytta plattformer.
  6. Tilbaketrekking av samtykke:
    Dersom eit samtykke vert trekt tilbake, må publiserte bilete og film slettast snarast mogleg.
  7. Gjer retningslinjene kjende:
    Idrettslaget skal sørgje for at desse retningslinjene vert gjorde kjende blant trenarar, leiarar, frivillige og føresette i klubben.

Informasjon kjem

Alkoholpolicy for Volda TI Fotball
Vårt løfte

Volda TI Fotball skal ha tydelege haldningar til alkohol. Barn og unge skal oppleve at vi tilbyr eit trygt og godt miljø der bruk av alkohol ikkje høyrer heime. Trenarar, leiarar og utøvarar skal framstå som gode førebilete for barn og unge og ikkje drikke alkohol i samvær med utøvarar i denne aldersgruppa. Dette er i tråd med NIF sine retningslinjer for alkohol.

Kvifor har vi eigen alkoholpolicy?

Barn og unge skal ta med seg gode haldningar og sunne verdiar frå miljøet dei møter i idretten. At føresette overlèt ansvaret for barna sine til idretten, er ei tillitserklæring som må behandlast med respekt. Ansvarspersonar i klubben er førebilete og rollemodellar som påverkar barn og unge sine val, også når det gjeld alkohol. Dette stiller krav til klubbens medlemmer, involverte og engasjerte. Vi er alle med på å skape den kulturen vi ynskjer hos oss.

*Forsking og undersøkingar viser at:

  • Nesten 1 av 10 barn i Noreg har minst éin forelder som slit med alkohol. I ein fotballklubb veit ein sjeldan kven desse barna er.
  • 8 av 10 meiner at idrettslaga bør ha klare retningslinjer for bruk av alkohol.
  • 9 av 10 meiner at ein bør late vere å drikke alkohol når ein er leiar eller trenar ved eit idrettsarrangement.
  • Nesten 8 av 10 meiner at ein bør late vere å drikke alkohol når ein er med som vaksen på reiser/overnattingar i samband med idrettsarrangement for barn og unge.
  • Eit inkluderande og støttande idrettsmiljø kan utsette ungdoms alkoholdebut.
  • Utsatt alkoholdebut reduserer framtidig alkoholkonsum og sjansane for alkoholrelaterte problem.

(*Innhenting av fakta og statistikk er gjort av alkovettorganisasjonen Av-og-til.)

 

Slik vil vi ha det hjå oss
Policy for bruk av alkohol og rusmiddel

 

Desse retningslinjene er vedtekne i Volda TI Fotball:

  1. Tryggleik og ansvar:
    Barn og unge som deltek i aldersbestemte klassar (under 18 år), skal alltid møte eit trygt og alkoholfritt idrettsmiljø i Volda TI Fotball.
  2. Førebilete:
    Trenarar, leiarar og utøvarar skal vere gode førebilete for barn og unge og ikkje nyte alkohol i samvær med utøvarar i denne aldersgruppa.
  3. Representasjon:
    Alle som representerer Volda TI Fotball – på cup, samlingar, idrettsarrangement eller reiser der lag/utøvarar deltek – skal avstå frå å nyte alkohol i slike samanhengar. Dette gjeld for trenarar, lagleiarar, støtteapparat og andre som har ei ansvarsrolle i klubben. 
  4. Føresette og arrangement:
    Føresette som deltek på arrangement der spelarar er med, skal ikkje nyte alkohol i nærleiken av utøvarane.
  5. Sanksjonar ved brot:
    Brot på klubben sine vedtekne alkoholretningslinjer vil bli sanksjonert i tråd med retningslinjene ovanfor. Styret vil behandle enkeltsaker som måtte oppstå. Ved brot på retningslinjene under reiser kan heimsending og vurdering av framtidig deltaking bli aktuelt.
  6. Løysing av andre tilfelle:
    Dersom situasjonar oppstår som ikkje direkte fell inn under punkta i alkoholpolicyen, oppmodar vi til dialog framfor sanksjonering for å finne løysingar.

Informasjon kjem

Retningslinjer mot speleavhengigheit og kampfiksing i Volda TI Fotball
Kvifor er dette viktig?

Speleavhengigheit og kampfiksing er reelle utfordringar innan fotballen. Dei siste åra har nyheitsoppslag kasta lys på desse problema, og det er avgjerande at alle klubbar tek ansvar for å opplyse, skape sunne haldningar og formidle kunnskap for å førebygge slike situasjonar.

Som klubb har vi eit ansvar for å sikre at alle våre medlemmar – frå spelarar til trenarar og støtteapparat – forstår alvorlegheita og dei juridiske og moralske sidene ved speleavhengigheit og kampfiksing.

Kva er speleavhengigheit og kampfiksing?
  • Speleavhengigheit: Overdriven og ukontrollert spel på pengespel som kan føre til økonomiske, sosiale og psykiske problem.
  • Kampfiksing: Når nokon prøver å påverke resultatet av ein kamp på ein ulovleg eller utilbørleg måte, til dømes gjennom bestikkelsar eller avtalar om å tape med vilje.
Kva gjer vi i Volda TI Fotball?

Vi ønskjer ein open og inkluderande klubb der medlemmane våre kan kjenne seg trygge på å ta opp vanskelege tema. Vi har nulltoleranse for kampfiksing og arbeider for å førebygge speleavhengigheit gjennom haldningsskapande arbeid og opplysning.

Dersom du eller nokon du kjenner opplever problem med speleavhengigheit, eller om du mistenker kampfiksing, skal du kunne ta kontakt med klubben.
Du kan snakke med:

  • Trenar
  • Lagsansvarleg
  • Utvala i klubben
  • Styret
  • Ein annan person du føler deg komfortabel med

Vi garanterer diskresjon og støtte dersom du tek opp slike saker.

Viktig informasjon om reglar
  • Det er ulovleg å spele på eigne kampar. Dette gjeld også dersom du spelar på at ditt eige lag skal vinne.
  • Alle mistankar om kampfiksing skal meldast vidare. Dette kan innebere rapportering til Noregs Fotballforbund (NFF) eller relevante styresmakter.
Førebygging og haldningsskapande arbeid

For å unngå problem knytt til speleavhengigheit og kampfiksing, jobbar Volda TI Fotball med følgjande tiltak:

  1. Informasjon og opplæring:
    – Alle trenarar, lagleiarar og spelarar skal få informasjon om kva speleavhengigheit og kampfiksing er, inkludert konsekvensane av dette.
    – Klare reglar rundt pengespel og kampfiksing vert gjennomgått ved sesongstart.
  2. Opne samtalar:
    Vi oppmodar til openheit rundt utfordringar med pengespel og kampfiksing. Det er viktig at alle kjenner seg trygge på å ta opp slike tema utan frykt for fordømming.
  3. Kontaktpunkt:
    Klubben har klare kontaktpunkt for dei som treng hjelp eller ønskjer å melde frå om mistankar.
  4. Samarbeid med NFF og andre organisasjonar:
    Vi følgjer retningslinjene frå Noregs Fotballforbund og samarbeider med relevante aktørar for å sikre eit reint og trygt fotballmiljø.

 

Volda TI Fotball arbeider for ein trygg, rettferdig og inkluderande fotball der alle kan delta med glede og meistring – utan påverknad frå speleproblem eller kampfiksing.

Ved mistanke eller behov for hjelp, ikkje nøl med å ta kontakt.