På årsmøtet vart følgjande valt for perioda 2026: Styreleiar Anders Egil Straume, medlem Per Olav Sætre, medlem Ingvill Osvoll, nestleiar Ingvild Sande Lillebø, medlem Ida Mari Krøvel (NY), medlem Hanna Kristine Aaland (NY), medlem Espen Hodne-Viddal, SU-leiar Sindre Slettedal Sandbakk.
Eit styre beståande av mykje kompetanse, mykje kontinuitet og friskt nytt blod. Klubben er i dei beste hender med den nye styresammensettinga og alle dei nye medlemmane gledar seg til å ta fatt på eit spennande år kor vidare utvikling av klubben står sentralt!
2025 var eit godt år for Volda fotball. Vi fekk over 10 nye spelarar på damelaget vårt i 4.div, vart kretsmeistera i klassa G13 år, Herrelaget tok ein overbevisande 3. plass i Norsk Tipping Ligaen i comebacksesongen, overgongen til nytt medlemssystem har gått seg meir og meir til noko som kjem alle til nytte, antall lag i yngres er stadig aukande og spesielt J2018 må dragast fram her med sine over 40 medlemmar noko som er veldig sjeldent samanlikna med andre jentelag i yngres. Så er det kjekt å ta med at klubben gjekk i pluss i rekneskapet.
Vi håpar 2026 byr på mange kjekke opplevingar og at vi i Desember 2026 kan sjå tilbake på eit år med like mykje og meir utvikling enn tidligare. Klubben og styret fortsetter jakta på 100% utvikling – for alle.
Til slutt vil vi nytte høvet til å takke alle våre samarbeidspartar og frivillige, og håpar å sjå mange av dykk på heimekampane til alle laga våre i sesongen.

