Nytt lysanlegg

Nytt lysanlegg

Volda Stadion får eit stort løft no når vi har starta arbeidet med å skifte til LED-lys.

Takka være det store og flott bidraget vi fekk frå SpareBank1 Stiftinga Søre Sunnmøre på 750.000,- så har vi no begynt å skifte ut det gamle lysanlegget.

Støtta frå stiftinga hjelp oss veldig og det dekker totalt 50% av den totale kostnadsramma på armatur, strømstyring og elektrikararbeidet. Dei resterande 50% dekker vi i første omgang sjølve, men vi håper på generøse gåve og bidrag i både liten og stor skala når vi kjem med ei «kronerulling» i januar.

Eit slikt løft av lysanlegg vil gje klubben en stort løft mtp. at lysforholda på alle utebanene vil verte vesentlig betre. På sikt vil vi nok sjå ei stor besparing sida det er led-lys og dei brukar mykje mindre strøm enn dei gamle armatura vi hadde.

Lysa vi har kjøpt er gjennom STRiHL, eit svensk firma som har fått veldig gode skussmål med dei klubbane vi har sjekka referanse frå. Lysa skal være veldig gode og vi har gått for ei løysing som tilsvarar 350LUX på SpareBank1 Bana, 200LUX på SpareBank1 Rekrutt bana og 100LUX på Bygg1-Bana. Lysa vil verte mogleg å styre både via app og på ei fysisk lystavle på klubbhuset. Det vil bli forhåndsinnstilte tider slik at det vil være lettare å drive med egentrening for spelarar i klubben også utanfor treningstid.

Til å hjelpe oss har vi fått inn elektrikarane Stian Haanes og Thomas Haugen via sine firma. Dei skal montere og koble alt av straum i skapa tilknytt lysanlegget. Så er vi så utruleg heldig og ha klart å knytte til oss en dugnadsgjeng med Per Oddvar «Peren» Støyle , Jon Petter » Jompa» Lied og Atle Bjørdal. Dei hjelp med montering av lysskap på alle lysmastene og i tillegg har dei tatt på seg å hjelpe med ulike dugnadsoppgåver knytt til vedlikehald av det store og velutrusta anlegget på stadion.

Del: