Det er med stor glede vi kan informere om at vi har forlenga Generalsponsor avtala med SpareBank1 SMN vidare til 2026. Betydninga for oss å ha ein slik bank med på laget er ubeskriveleg. Det sikrar oss gode vilkår for drift av fotballklubben, men også ei avtale som sikrar oss mykje god kompetanseutveksling og erfaringsutveksling.
For oss som klubb handlar det så mykje meir enn å utvikle fotballspelarar. Vi ynskjer å være ein arena for alle, ein arena som inkluderar, legg til rette for dei som vil verte fotballproffar og dei som er med for å bli sett, hørt og vere med vennar. Volda fotball skal vere ein storfamilie kor herrelaget i Norsk-Tipping Ligaen og damelaget i Fylkesserie er som storesysken, dei skal gå veien framføre dei yngre som kjem etter med gode verdiar og sunne haldningar. Her har vi kome langt på veg då vi i det daglege ser kor store og viktige forbilde spelarane som jobbar på FFO og Akademiet er for barn og ungdom.

Med støtta frå SpareBank1 SMN klarer vi og å finansiere og vedlikehalde det store og velutstyrte anlegget vårt i SpareBank1 Idrettspark. Eit anlegg vi driftar utan tilskot, men som har ein stor kostand for oss knytt til vedlikehald, kommunale avgifter, straum, forsikringar og lån. Det gjer det også mogleg å halde treningsavgiftene lave som igjen gjer det mulig for fleire å være med i familien uten å måtte droppe ut av økonomiske årsaker.
Vi ser fram til å oppretthalde samarbeidet med banken i dei to komande åra og jobbar knallhardt; Saman får vi ting til å skje!!