Tusen takk til Sparebanken Vest for tildelte prosjektmidlar frå sitt #jentervilmer – prosjekt!
Volda J14/J16 har fått nytta godt desse midlane til vår eigen Jentedag!
Vi har fått moglegheit til å besøke Aafk Fortuna på treningsdag på Color Line stadion, etterfulgt av lunsj i klubblokala deira. Tusen takk til Aafk Fortuna og Ingrid Beate for ein inspirerande og motiverande dag!
Som sesongavslutning var vi så heldige at sjølvaste toppscorar i Toppserien, Anna Aahjem, kom på besøk til oss på Volda Idrettspark! Ho tok del på treningsøkta vår, gav gode tips og kyndig rettleiing undervegs, og etter treningsøkta samla vi oss på møterommet/styrkerommet til ein god samtale. Vi fekk høyre om Anna sin veg frå barndomsfotball og til dit ho er i dag, om kombinasjonen toppfotball og politiutdanning, gode tips til rett trening og styrketrening, og kva som har vore det viktigaste for at ho har komt dit ho er i dag: Å behalde gleda med fotballen, ha det kjekt med fotball saman med laget sitt! Då kjem prestasjonane også!

Ei stor oppleving for jentene at Anna ville flyge opp og besøke oss i Volda – verkeleg til motivasjon inn mot ny sesong i 2025 og ei minnerik avslutning på denne sesongen! Klubben er veldig stolt av jentene og prestasjonane i år som Sunnmøre sitt yngste (?) J16 beståande i hovudsak av jenter f. 09/10. Vi heiar på dykk!
Vi var også heldige å vinne hettegensarar frå Sparebanken Vest til alle jentene, og det passa godt å dele ut desse samtidig som Anna var med oss.




