Årets happening på Volda Stadion?
Lørdag 15 Mai kl. 19:00 spelar Volda mot Spjelakvik i Norsk-Tipping Ligaen. Det er eit lokaloppgjer og som vi ynskjer å lage ei så stor og god ramme rundt som mogleg. I den forbindelse så er det perfekt å kjøre på med Kronekampen. Kort fortalt så er det; gratis inngong for alle tilskodarar og et sterkt ønske om at sponsorar, støttespelarar eller bedrifter blir med på spleiselaget og betaler ein sum pr. tilskoder. Det er også mogleg å låse seg til eit beløp i støtte om det blir for vanskelig å gje per tilskoder.
Både Volda og Spjelkavik har fått ein god start på sesong og vi ligg per i dag på henholdsvis 3 og 2 plass. Kampen er lagt på Torsdag 15. Mai for å kunne vere ein oppvarmingskamp til fotballens nasjonaldag 16 Mai. Målsetningen er å skape så stor og god stemning som mogleg og vi anslår at det vil kome over 800 tilskoderar.
Vi har et veldig sterkt ynskje om at dykk blir med på dette «spleiselaget» då vi som klubb sjølv tar ein risiko med å «gje vekk» gratis inngong og potensielt 30-40.000,- for å skape den ramma vi trur gagnar alle i det longe løp.




Ynskjer du å bidra?
Legg inn ditt bidrag her (ekstern lenkje)