Volda tok tidleg leiinga i kampen etter mål av Knut Erik Myklebust. Sogndal utlikna rett før halvtimen var spelt og det stod 1-1 til pause. Etter pause hadde Sogndal ballen mykje, men Volda hang godt med. På overtid fekk Sogndal dessverre mål og sluttresultatet vart 1-2.
Volda spelte ein svært god kamp mot OBOS-laget og viste at ein har eit høgt toppnivå.
Benjamin Opaker Tilseth vart dagens Volding i kampen mot Sogndal. Han hadde fleire kampavgjerande redningar.
Tre unge Voldasupporterar intervjua spelarar og trenarane etter kampen. I videoen nedanfor kan du sjå intervjua og høgdepunkta frå kampen.
