Tine Fotballskule 2025

Tine Fotballskule 2025

Set ein stor sirkel rundt 13. til 15. august i kalenderen! Då er det endeleg duka for Tine Fotballskule på Sparebank1 Idrettspark (Volda Stadion) – tre dagar proppfulle av idrettsglede, læring og fellesskap.

Tine Fotballskule er ein gyllen sjanse for alle fotballglade jenter og gutar fødde mellom 2019 og 2012 til å skape gode sommarminne. Og hugs, du treng ikkje vere Volda-spelar for å delta – vi ønskjer spelarar frå alle klubbar hjarteleg velkomne!

Kvalitet, utvikling og sunne vanar

I Volda Fotball er visjonen vår «100% utvikling, for alle». Dette tek vi med oss inn i årets Tine Fotballskule. Vi skal ikkje berre utvikle betre fotballspelarar, men også bidra til å forme gode lagkameratar og trygge personar.

For å sikre dette har vi med oss eit sterkt lag av kvalifiserte instruktørar frå FFO og Bygg1-akademiet, i tillegg til engasjerte spelarar frå ungdomsfotballen i klubben. Dei står klare til å gi god rettleiing og skape eit trygt og morosamt læringsmiljø.

Vi veit også at aktivitet + kosthald = sant! I samarbeid med Tine set vi fokus på gode matvanar. Alle deltakarar på Tine Fotballskule får servert ein sunn og god lunsj kvar dag, i tillegg til Tine-produkt som gir viktig påfyll mellom øktene. Kiosken vil også vere open i lunsjpausen for dei som ønskjer det.

Dette får du som deltakar:

  • Tre dagar med fotballmoro og kvalitetsøkter.
  • Eigen T-skjorte og sekk frå Tine.
  • Sunn lunsj og Tine-produkt kvar dag.
  • Rettleiing frå dyktige instruktørar.
  • Nye venskap og gode opplevingar!

Praktisk informasjon:

  • Stad: Sparebank1 Idrettspark (Volda Stadion)
  • Dato: 13. – 15. august
  • For kven: Jenter og gutar fødde 2012 – 2019
  • Pris:
    • Kr 900,- for spelarar som deltek på FFO/akademi.
    • Kr 1000,- for andre spelarar.

Påmelding:

Plassane fyllast ofte raskt opp, så det kan vere lurt å sikre seg ein plass allereie i dag.

Vi gler oss stort til å fylle stadion med liv og latter, og til å skape eit minnerikt fotballeventyr saman med dykk!

Vel møtt!

Del: