Etter to sesongar med markant framgang, solid utvikling og sterke resultat, er det no klart at Arild Hagen Bakke (hovudtrenar), Tony Andre Ristesund (assistenttrenar), Kristian Lillebø (keepertrenar) og Evan Hagen (fysisk trenar) held fram i 2026. At heile teamet vel å forplikte seg vidare, er eit sterkt signal om trua dei har på prosjektet og spelargruppa.
Dette sikrar ein heilt avgjerande kontinuitet i det sportslege arbeidet. Teamet har, saman med ei lærevillig og ambisiøs spelargruppe, bygd ein treningskultur prega av hardt arbeid, vinnarvilje og godt humør. Dette har resultert i eit utviklingsmiljø der spelarar har tatt store steg. Laget ligg i skrivande stund på ein svært imponerande 3. plass i Norsk Tipping-ligaen, noko som vitnar om det gode arbeidet som blir lagt ned kvar einaste dag.

Lokal forankring gir identitet
Klubben har ein tydeleg og uttalt strategi om å satse lokalt, og trenarteamet er eit strålande døme på dette i praksis. Med fire kunnskapsrike og dedikerte trenarar frå nærområdet ved roret, blir den grøne tråden i klubben tydeleg forankra heilt opp til A-laget.
Sportsleg leiar i Volda Fotball, Sindre Slettedal Sandbakk, er svært nøgd med å ha landa avtalane.
– Vi er utruleg glade for at heile teamet med Arild i spissen held fram også neste sesong. Dei utfyller kvarandre svært godt og har, saman med spelargruppa, bygd ein solid treningskultur og eit utviklingsmiljø vi er stolte av. Dette ser vi tydeleg att i både sterke felles prestasjonar og stor individuell utvikling hos enkeltspelarar, seier Sandbakk, før han utdjupar:
– Kontinuitet har vore eit nøkkelord for oss. Det gir føreseielegheit og tryggleik, og no får vi bygge vidare på det gode fundamentet som er lagt dei siste to åra. Det gir oss trua på at vi kan ta nye steg i åra som kjem.
Volda Fotball rettar ei stor takk til trenarteamet for den jobben som er gjort, og for engasjementet dei viser for framtida. Vi ser fram til å fortsette det gode samarbeidet og gler oss til ein ny, spennande sesong i 2026 med eit kjent og særs kompetent team på sidelinja.


