Arild Hagen Bakke held fram – skal leie Volda inn i 2. divisjon

Arild Hagen Bakke held fram – skal leie Volda inn i 2. divisjon

Trenaren som har ført Volda frå 4. divisjon til 2. divisjon på to sesongar, held fram. Arild Hagen Bakke er også hovudtrenar for A-laget til herrane i 2027, når klubben for første gong sidan 2004 skal spele i 2. divisjon.
Foto: Jon Forberg

Det er få som gløymer avslutninga på 2026-sesongen. Før siste serierunde låg Volda og Strindheim likt på poeng, og målforskjellen skulle avgjere kven som rykte opp. Volda svarte med 8–1 borte mot Aalesund 2 på Color Line Stadion. Det siste målet kom langt ute i overtida, og det sikra seriegullet med eitt mål betre målforskjell enn Strindheim.

No er det klart at trenaren held fram.

Foto: Idar Arne Kristiansen

Frå nedrykk til opprykk på tre år

Arild Hagen Bakke tok over laget i siste del av 2023-sesongen. Den hausten enda Volda på 12. plass i 3. divisjon og rykte ned til 4. divisjon. I staden for å la nedrykket setje klubben tilbake, vart det starten på noko nytt. Laget vann 4. divisjon Sunnmøre i 2024. Første sesongen tilbake i 3. divisjon enda med 3. plass. I år kom resten: 18 sigrar, 4 uavgjorde og 75 scora mål på 26 kampar, og opprykk til 2. divisjon.

Bakke har ikkje gjort jobben åleine. Assistenttrenar Tony Ristesund, keepartrenar Kristian Lillebø og fysisk trenar Evan Hagen har vore sentrale i trenarteamet.

– Det har vore ei utruleg reise saman med Tony, Kristian, Evan og resten av trenarteamet og støtteapparatet. Den omstarten vi tok i 2023/24, og det vi har fått til sidan, er heilt rått, seier Bakke.

– Ei tøff, men utruleg kjekk utfordring

Bakke legg ikkje skjul på at 2027 blir eit stort steg opp. I 2. divisjon møter laget meir rutinerte motstandarar, og fleire av dei har heilt andre ressursar.

– No går vi inn i ei kjempetøff, men utruleg kjekk utfordring med spel i 2. divisjon. Eg gler meg stort. Det blir mykje læring og mykje utvikling, og det blir ei erfaring vi alle kjem til å lære mykje av, seier han.

Han håpar også at oppturen i år kan løfte engasjementet rundt laget endå meir:

– Det har vore god stemning rundt laget i år, og no håpar eg vi kan ta det endå fleire steg vidare i 2027. Med 2. divisjonsfotball på Volda stadion har vi ein gylden sjanse til å fylle tribunane og skape ei skikkeleg heimebane-kjensle. Denne spelargjengen fortener all den støtta dei kan få.

– Svært glade for at Arild held fram

Sportsleg leiar Sindre Sandbakk seier klubben er svært nøgd med at Bakke held fram.

– Vi er svært glade for at Arild held fram. Han og trenarteamet har gjort ein formidabel jobb dei siste åra. Dei har bygd det vi meiner er ein av dei beste treningskulturane på Sunnmøre, og det ser vi resultata av no, seier Sandbakk.

Han legg vekt på at opprykket heng saman med den vegen klubben har valt.

– Volda Fotball skal vere ein klubb som utviklar lokale spelarar, og Arild har vore ein viktig del av det arbeidet. Han gir unge spelarar tillit og stiller krav, og det har gitt oss ei spelargruppe som har vakse mykje saman.

Sandbakk legg ikkje skjul på at neste sesong blir krevjande.

– 2. divisjon blir ei stor utfordring for heile klubben, både sportsleg og organisatorisk. Men denne spelargruppa har teke store utfordringar før og vist at dei toler press. Det så vi tydeleg i sesongavslutninga i år. Vi har stor tru på potensialet i gruppa, seier han.

Klubben jobbar no vidare med å setje saman resten av trenarteamet rundt laget og Arild. Meir informasjon kjem når det er klart.

Bli med vidare!

Neste sesong får vi 2. divisjonsfotball på Volda stadion. Følg med på voldafotball.no og i kanalane våre i sosiale medium for informasjon om terminliste, sesongkort og korleis du kan støtte laget.

Del: