Notar vann årets Partner Cup!

Notar vann årets Partner Cup!

Notar vann årets Partner Cup!

Årets Partner Cup vart nok ein gong ei kjekk oppleving for både arrangør og deltakarar. Etter ein dag med fotball, konkurranse og god stemning var det til slutt Notar som kunne løfte pokalen etter finalesiger mot Bygg1.

Volda Fotball arrangerte årets Partner Cup i Sparebank 1 Hallen, der seks av våre samarbeidspartnarar stilte til dyst. Gjennom turneringa vart det spelt fleire spennande kampar, og det var god innsats og stort engasjement frå alle laga.

Etter ein innhaldsrik dag var det Notar og fjorårsvinnar Bygg1 som stod att i finala. Her var det Notar som trekte det lengste strået og kunne sikre seg årets pokal. Furene leverte også ein solid turnering og enda på ein flott 3. plass.

Laga som deltok i årets turnering var Notar, Bygg1, Furene BK, Furene FK, SpareBank 1 SMN, Obs BYGG og NOG.

Partner Cup handlar ikkje berre om det som skjer ute på bana, men er også ein viktig sosial møteplass for våre samarbeidspartnarar. Turneringa gir oss ei flott moglegheit til å samle bedriftene som bidreg til aktiviteten i klubben, og til å styrke fellesskapet mellom samarbeidspartnarane våre.

Vi ønskjer å rette ein stor takk til alle deltakande lag, dommarar og frivillige som bidrog til å gjere årets Partner Cup til eit vellukka arrangement.

Gratulerer til Notar med sigeren, og vi håpar å sjå alle att til ny dyst neste år!

Del: