Volda – Sogndal: Reaksjonar og høgdepunkt

Volda – Sogndal: Reaksjonar og høgdepunkt

Etter ein spanande og jamn kamp mot Sogndal, gjekk dessverre Volda sitt herrelag ut av NM i 1. runde.
Foto: Idar Arne Kristiansen

Volda tok tidleg leiinga i kampen etter mål av Knut Erik Myklebust. Sogndal utlikna rett før halvtimen var spelt og det stod 1-1 til pause. Etter pause hadde Sogndal ballen mykje, men Volda hang godt med. På overtid fekk Sogndal dessverre mål og sluttresultatet vart 1-2.

Volda spelte ein svært god kamp mot OBOS-laget og viste at ein har eit høgt toppnivå.

Benjamin Opaker Tilseth vart dagens Volding i kampen mot Sogndal. Han hadde fleire kampavgjerande redningar.

Tre unge Voldasupporterar intervjua spelarar og trenarane etter kampen. I videoen nedanfor kan du sjå intervjua og høgdepunkta frå kampen.

Del: