Minneord Øystein Bakke  

Minneord Øystein Bakke  

Foto: Møre


Øystein Bakke døde den 29.april, 67 år gammal.   
Han var ein «miljøskapar», og har gjort ein langvarig innsats for fotballen i Volda.  
  
Foreldra var Randi og Agnar Bakke, og Øystein vaks opp i Gamletun-vegen på Engeset.  
Han kom tidleg med i fotballmiljøet, og var hjelpetrenar for fleire av dei yngste laga i fotballklubben «Voldingen».   
Her var han materialforvaltar/oppmann, ofte saman med Birger Breivik.  
På 1980-talet skipa han eigne turneringar, og han dømde det meste av kampane sjølv.  
  
Øystein var ei tid ein fast del av «Narvesen-miljøet».  

Dette var før internett, og ferske idrettsresultat vart melde til Per Hjelle pr. telefon. Han dreiv Narvesen.  Resultata kom frå kontaktpersonar, flest frå Sunnmøre, men og frå heile landet. 
Resultata vart vidareformidla ved små oppslag på butikkruta, eller munnleg. Øystein hjelpte til med dette.  
I mange år var han og fast billettør på Stadion.  
  
Heilt frå midten av 80-talet var det å vere dommar ei viktig oppgåve for Øystein. Han har dømd eit utal kampar på Stadion, og han var i mange år fast dommar på både Dana Cup og Norway Cup. Med sitt gode og lune humør, løyste han dommaroppgåva godt.  
  
Øystein hadde og sin eigen fotball-utmerking, «Bakke-prisen».   
Det var ei årleg utmerking for ein seniorspelar som Øystein meinte hadde utmerka seg spesielt. Den fekk ein spelar på både herre- og damelaget, og det var alltid stor stas.  
  
Øystein vart æresmedlem i VTI-fotball i 2003, og vi er svært takksame for det Øystein var for voldafotballen. 

Foto: Idar Arne Kristiansen

Del: