Volda fotball har gleda av å annonsere at vi opnar gjenbruksbutikk på klubbhuset. Gjennom eit år vert mykje klede liggande att på stadion, og no ønskjer vi å gi dei nye liv og ikkje minst nye eigarar! Butikken vil innehalde attgløymde klede, sko, sekkar og diverse fotballutstyr.
Kvar finn du butikken?
Butikken har lokale på klubbhuset, i gangen mellom vekeskiosken og storesalen.
Opningstider:
Tysdagar og torsdagar frå kl. 17.30 – 19.30
Har du gløymd klede på stadion? Ikkje frykt!
Alle merka klede vil ha eiga hylle i butikken, og den første mandagen i kvar månad vil uhenta klede gå inn i butikken. Vi kjem til å fjerne merkelappen). De vil dermed ha moglegheit til å hente kleda før dei går inn i butikkhyllene.
Dugnadsbasert drift
Vi håpar å drifte butikken gjennom dugnad, der foreldregruppa rullerar på kven som betjenar butikken i opningstidene. Vi tek også imot frivillige som har lyst å hjelpe.
Alle inntekter går til Solidaritetsfondet
Alle inntekter frå gjenbruksbutikken går direkte til Solidaritetsfondet til Volda fotball. Formålet med Solidaritetsfondet er å gi alle moglegheit til å delta på fotballtreningar uavhengig av økonomi. Solidaritetsfondet gir støtte til treningsavgift, medlemskontigent og deltaking på cup eller turnering.
Generalsponsoren vår Sparebank 1 SMN gir oss også moglegheit til å søkje støtte gjennom deira Solidaritetsfond, med inntil 50 000 kr per kalenderår. Tiltaket vil hjelpe oss å vere ein klubb for alle.
Vil du donere?
Det er mogleg å donere klubbklede eller treningsklede som er heile og reine. Vi tek også gjerne imot sko og leggskinn. Levering av donasjonar kan gjerast i opningstida til administrasjonen på stadion (09:00-16:30) eller i opningstida til butikken.

