Volda fotball blir med på «Noregs største dugnad»

Volda fotball blir med på «Noregs største dugnad»

Har du ein gammal mobil eller eit nettbrett liggjande i ei skuff? Kan den brukast av nokon andre? Då bør du selje den. Du får pengane sjølv - og klubben får 50 kroner for kvar einaste eining som blir seld.
ReLoop x Volda fotball. Illustrasjon: ReLoop

Volda fotball har inngått eit samarbeid med ReLoop, ei norsk teneste som gjer det enkelt å selje brukte mobilar og nettbrett til best mogleg pris. Vi har fått vår eiga side hos dei, og der kan alle som høyrer til klubben delta.

Dette er ein dugnad utan dugnadsvakter. Ingen skal selje dopapir, ingen skal stå på ein stand, og ingen skal kjøpe noko dei ikkje treng frå før. Du ryddar berre ut ei eining du likevel ikkje brukar.

Kvifor gjer vi dette?

Det ligg over 6,2 millionar ubrukte mobilar og nettbrett i norske skuffar. Dei fleste av dei er framleis verdt pengar, og nesten alle inneheld materialar som kan brukast om att. Blir dei liggjande, taper dei verdi kvar einaste månad og ingen har glede av dei.

Formålet med dugnaden er enkelt: få desse einingane ut av skuffane. Medlemmene får verdien i handa, klubben får inntekter utan at nokon må bruke ein einaste kveld på dugnadsvakt, og einingane får eit nytt liv i staden for å bli liggjande. Saman kan vi bidra til å spare miljøet for 310 000 000 kg CO₂!

Slik gjer du det
  1. Registrer eininga på devicereloop.io/vti — merke, modell, lagring og tilstand. Tek under eitt minutt, og er heilt gratis.
  2. Få ei verdivurdering på e-post. ReLoop hentar prisar frå fleire profesjonelle kjøparar og sender deg det høgaste tilbodet.
  3. Bestem deg sjølv. Du ser prisen før du tek stilling, og det er heilt uforpliktande. Vil du behalde eininga, gjer du berre det.
  4. Pakk og send. Du får ein førehandsbetalt fraktlapp og leverer på nærmaste Post i butikk. Alle data blir sletta forsvarleg.
  5. 5. Pengar på konto når eininga er motteken og godkjend.
Bra for deg

Du får pengane sjølv, rett på konto — ikkje ein tilgodelapp du må bruke i ein butikk. Snittutbetalinga via ReLoop ligg i dag på rundt 1 400 kroner per eining. Du slepp Finn.no, framande på døra og prutinga som følgjer med. Og du slepp uroa for kva som skjer med bilda og passorda dine, for dataane blir sletta før eininga skiftar eigar.

Bra for klubben

Klubben får 50 kroner for kvar eining som blir seld. Beløpet er fast, uavhengig av kva eininga er verdt. Blir det selt 100 einingar, er det 5 000 kroner rett i klubbkassa — og rundt 140 000 kroner utbetalt til medlemmane våre.

I tillegg finn du ein Vipps-kode på sida, om du ønskjer å gi ein del av salssummen tilbake til klubben. Det er heilt frivillig.

Klubben har ingen kostnad, inga risiko og inga forplikting i dette. All handtering — verdivurdering, sal, datasletting og utbetaling — ligg hos ReLoop. Klubben får heller ikkje vite kven som deltek eller kva den einskilde får utbetalt; vi ser berre kor mange einingar som er registrerte og selde totalt.

Bra for miljøet

Kvar eining som blir brukt om att i staden for å bli produsert på nytt, sparar i snitt 60-70 kilo CO₂. Hundre einingar tilsvarar nesten sju tonn. 

Kom i gang

Gå til devicereloop.io/vti, registrer eininga di og sjå kva ho er verdt. Det tek eitt minutt, og du bestemmer sjølv om du vil selje.

Del gjerne lenka vidare til familie, naboar og andre rundt klubben. Alle einingar tel.

Del: