Då er tida her for fotballen sitt årlege lotteri. I løpet av veke 8, 9 og 10 vil alle våre medlemmar selje lodd til inntekt for Volda TI Fotball. Det betyr at du kanskje får besøk på døra av våre kjekke spelarar som vil selje deg lodd, eller du vert kontakta på sosiale medie. Håper du vil ta godt i mot dei! Kvart lodd kostar kr. 25,- og ein kan vippse beløpet til Volda Fotball #103915 – Lotteriet 2025. Har du ikkje vipps så kan du fortsatt få betale kontant.
Trekning i veke 13. Vinnarane vert kontakta, og annonsert på vår heimeside.