Han spelte 374 kampar for Volda, og i 1978-79 var han formann i fotballgruppa. Seinare, til ut på 1990-talet, var han trenar for aldersbestemte lag. Øyvind er også mannen som teikna den fine VTI-logoen som mange likar så godt. Me er svært takksame for det gode arbeidet Øyvind gjorde for VTI og fotballen spesielt, og vi tek med eit stykke Øyvind skreiv i 1999 om sitt fotball-liv for Volda.
Helsing frå VTI-fotballvener
Glade fotballår – Øyvind Holsvik
Det var Harald Indresøvde som fekk meg med i voldafotballen då vi flytta til Volda i 1962. Far hadde vorte rektor på Volda Realskule, og familien flytta til Rotsetgeila i august. Alt første dag på skulen var Harald frampå og spurde om eg spelte fotball. Slik vart eg med, og fekk vere med på mange trivelege år i VTI-fotballgruppa
Den første kampen eg fekk spele, var med gutelaget mot Ørsta i september same året. Resultatet vart 2-0 til Ørsta. Seinare på hausten slo vi Hødd 4-1 på Volda stadion, eg skåra eitt mål og var veldig stolt over det. Trenaren var Ola Lillebø, ein god trenar, og vi var ein svært motivert gjeng som gjekk godt ilag. I 1965 låg A-laget i 5.divisjon. Dette vart min første sesong der. Laget var inne i eit generasjonsskifte, og sesongen var prega av det. Diverre vart det nedrykk til 6.divisjon. Sesongen 1966 vart svært bra med direkte opprykk til 5.divisjon igjen. Før siste kamp mot botnlaget Åmdal, hadde vi ein målskilnad på 40-0 ! Resultatet vart 1-1, nullen rauk til keeper Olav Nordheim si store fortviling. Krinsmeistrar vart vi også denne sesongen. Året 1967 vart også ein knallsesong for Volda. Vi vart seriemeister, og vann divisjonen med 21 poeng. Gutane frå 1962 hadde vakse til, og vi hadde eit fysisk sterkt og godt lag. Alfred Runde og Eivind Høydal var trenarar, og Helge Håvik oppmann. Den alltid tilstadesverande Helge Olsen var materialforvaltar.
4.divisjon vart divisjonen for oss i åra 1968 til og med 1973. Den 27.juni 1968 hadde vi storfint besøk på Volda stadion. Hødd som då låg i toppen av 2.divisjon, gjesta oss med sitt beste lag. Nesten tusen tilskodarar fekk sjå eit kjempande voldalag klare 1-3 mot storlaget. 2.juli 1970 var det ny storkamp på Volda stadion. Eit forsterka volda, med fotballproffen Finn Seemann, møtte Ørsta i privatkamp. Resultat 5 – 1 til Ørsta. «Ei svale gjer ingen sommar» skreiv Møre etterpå. Sesongane 1972 og 1973 var eg oppteken med studiar i Oslo, og det vart færre kampar, men eg fekk trene med B-laget til Lyn.
Etter 1973 sesongen rykte diverre Volda ned til 5.divisjon, og i 1976 ned i 6.divisjon. Men frå og med 1978 kom endeleg oppturen for voldafotballen. Eit krafttak måtte til for å snu ein trøysteslaus situasjon, og Einar Waage vart ny trenar. Nye krefter i styre og stell tok tak for å legge
tilhøva til rette på ymse vis. Nye drakter i dei gamle klubbfargane, grøn trøye og svart bukse, vart atter voldafotballen sin farge. Støttepersonar og sponsorar stilte opp. Vi heldt treningssamling i Loen før seriestart både i 1978 og 1979. I tillegg hadde vi treningssamling i Loen i juli. Familiane var med og det styrkte samhaldet i laget. Det resulterte i opprykk til 5.divisjon i 1978 og til 4.divisjon i 1979. Frå mi eiga dagbok notat 15.september 1979: “Opprykk til 4.divisjon, – endeleg. Denne sesongen har gått langt betre enn vi vona og trudde. Einar Wage har kjørt oss “hardt”og konsekvent. Han makta å disponere laget ut frå det han sjølv hadde tru på. Treningane har alltid vore godt førebudde. Eg trur det er det langsiktige arbeidet som har ført oss opp ein divisjon til”.
Sesongen 1980 heldt vi oss i 4.divisjon, og Einar Waage leidde oss på same gode måte. Denne sesongen skada eg ryggen slik at eg måtte gi meg med hardtreninga, og dermed A-laget. Ei god periode i eit godt lag, og godt miljø var dermed komen til ende. Eg har svært mykje å takke voldafotballen for, og seinare har eg vore med å legge tilhøva til rette for at andre kan få oppleve gleda ved å spele for Volda.
Seriemeistrar 1966

B.v. Oppmann Helge Håvik, Kjell Holst, Oddbjørn Nes, Oddvin Ryste, Hans Magnus Helset, Eivind Høydal, Alfred Runde og Øyvind Holsvik F.v. Kjartan Mork, Jostein Holsvik, Olav Nordheim, Kjartan Årdal, Bjørne Egseth og Odd Johannes Egseth. (Bildeutlån: Johann Folkestad)