Laurdag 8. november arrangerte Volda Fotball Partner Cup for våre samarbeidspartnarar. Sparebank 1 Hallen vart brukt til å gjennomføre 18 kampar mellom laga. Med kioskvakter, lånespelarar og dommarar frå A-laga våre vart dette eit kjekt arrangement der Bygg1 stakk av med pokalen etter ein overbevisande seier mot Tømrar1 i finala.
Laga som deltok iår var Bygg1, Tussa, Sparebank 1 SMN1, Sparebank 1 SMN 2, Notar, Tømrar1, Sikkerhets Kompetanse og Tilseth AS. Vi takkar alle deltakande lag for innsatsen og håpar å sjå att alle neste år.
Utover kvelden vart det arrangert bankett på klubbhuset med sosialt samvær og god mat og drikke.



























