Veka før skulestart vert det aktive dagar på Volda stadion i høve årets Tine fotballskule. Vi heldt opent onsdag til fredag i veke 33, som ein fin måte å få borna tilbake i rutine til skulestart!
Sjølve fotballskulen er frå kl.10-15 onsdag 12. til fredag 14.august, men dørene opnar kl.08 og vi held ope fram til kl.16:30 for dei som treng ekstra «pass».
Fotballskulen er open for alle born – UANSETT KLUBB – frå 1.klasse (august 2026) til 8.klasse (august 2026).
Instruktørane er frå Telenor Xtra Volda FFO og har god erfaring frå arbeid med born. Dei får også med seg hjelparar som er fødd 2012 eller tidlegare for å skape trygge rammer og gode minner.
Vi gledar oss til tre aktive dagar der borna får utfolde seg fysisk, sosialt, samt kome litt ut av komfortsona når dei skal vere med på Heiarop-konkurranse på fredagen!


I samarbeid med Tine set vi fokus på gode matvanar. Alle deltakarar på Tine Fotballskule får servert ein sunn og god lunsj kvar dag, i tillegg til Tine-produkt som gir viktig påfyll mellom øktene. Kiosken vil også vere open i lunsjpausen for dei som ønskjer det.
Dette får du som deltakar:
- Tre dagar med fotballmoro og kvalitetsøkter.
- Eigen T-skjorte og sekk frå Tine.
- Sunn lunsj og Tine-produkt kvar dag.
- Rettleiing frå dyktige instruktørar.
- Nye venskap og gode opplevingar!
Plassane fyllast ofte raskt opp, så det kan vere lurt å sikre seg ein plass allereie i dag.
Praktisk informasjon:
Stad: Sparebank 1 Idrettspark (Volda stadion)
Dato: 12.-14.august
For kven: Jenter og gutar fødd 2013 til 2020
Dørene opnar: kl.08:00 – fotballskulen startar kl.10:00
Dørene stenger: kl.16:30 – fotballskulen sluttar kl.15:00
Pris:
Born som går på FFO/Akademi: 1000
Born som ikkje går på FFO/Akademi: 1200
Høyr på oppfordringa frå landslagsspelar Jørgen Strand Larsen!
Har du spørsmål knytt til påmelding eller betaling til Tine fotballskule?
Kontaktperson: Magnus Lien Bischoff
E-post: magnus@vti-fotball.no
Telefon: 41380978

