Ny tilsett i Volda fotball!

Ny tilsett i Volda fotball!

Johan Egil Rudi vert tilsett i ei prosjektstilling som trenarutviklar og fagansvarleg for Bygg1 Akademiet, med mål om å bidra til sportsleg utvikling, trenarutvikling og aktivitetar som styrker klubben i sitt tilbod på alle nivå.
Johan Egil Rudi er klar for å bidra i Volda fotball! Foto: Rønnaug Myklebust

Volda fotball har tilsett Johan Egil Rudi i ei mellombels prosjektstilling i perioden 01.01.2027 til 31.12.2028. Stillinga skal bidra til å styrke og vidareutvikle Bygg1-Akademiet, auke kompetansen blant trenarar og bidra til aktivitetar som støttar klubben sine sportslege, organisatoriske og økonomiske mål.

Eit fagleg løft

Rudi har ei Bachelorgrad frå Idrettshøgskulen i Coaching og Idrettspsykologi, samt store mengder med kunnskap og erfaringar som vil ta Volda fotball til nye høgder. I prosjektstillinga skal han samarbeide tett med trenarar, lagleiarar, frivillige, styret og andre samarbeidspartnarar i klubben, for å styrke klubben på alle nivå.

– For å skape utvikling er det viktig å ha eit miljø som er opne for nye tankar, er nysgjerrige og villige til å diskutere. Eit slikt miljø ynskjer eg å vere ein del av og bidra til i Volda fotball, fortel Rudi.

Dagleg leiar i Volda fotball, Rønnaug Myklebust. Foto: Martin Mork

Sjølv om stillinga er mellombels, håpar dagleg leiar i Volda fotball, Rønnaug Myklebust, på at den skal bli permanent på sikt. Målet er å klare dette ved å auke inntektene i klubben dei neste to åra. Ho legg vekt på at jobben med å auke inntekter ligg til heile klubben, ikkje den nye stillinga åleine.

– Prosjektstillinga er finansiert av klubben sjølv, som ein del av eit større mål om eit langsiktig fagleg, økonomisk og organisatorisk løft i heile klubben, seier Myklebust.

Vender heim til heimlege trakter

Johan Egil kjem frå Hovdebygda, men har jobba i Ullern Idrettsforening i Oslo nesten 20 år. Der har han erfaring med klubbutvikling og samarbeid med europeiske klubbar, mellom anna Ajax og nyleg FC København. 

I jobben i Ullern IL har Rudi vore opptatt av å ta til seg kunnskap både frå klubbar i Norge og i utlandet for å utvikle seg sjølv og klubben. Derfor har dei reist rundt i Europa for å lære av andre, og besøkslista er lang. Rudi fortel om besøk til Arsenal, Atletic Bilbao og tallause turar til Nederland blant andre. Ullern har i tillegg til desse besøka også arrangert eigne fagsamlingar og seminar med besøk av høg kompetanse både frå innland og utland, samt Norges Fotballforbund (NFF) og Norsk Toppfotball (NTF).

Johan Egil Rudi med Ullern G19 på treningsleir i Faro, Portugal i 2025. Foto: Cupspesialisten

Gjennom rolla si i å utvikle Ullern Idrettslag, vere trenar for fleire lag, samt å ha hatt mange verv og roller i klubben, har Rudi opparbeida seg uvurderleg kompetanse. Denne kompetansen tek han no med seg til heimlege trakter.

Rudi har gjennom dei siste ti åra hatt kontakt med Arild Hagen Bakke, og følgt med på utviklinga i Volda frå storbyen.

– Eg er klar for å flytte tilbake til Sunnmøre og eg gler meg til å bidra i Volda fotball!

Del: