Volda fotball startar gjenbruksbutikk!

I september opnar vi gjenbruksbutikk på stadion med attgløymde klede, sko og diverse utstyr. Har du gamle treningsklede som ikkje lenger er i bruk? Vi tek dei gjerne i mot!

Volda fotball blir med på «Noregs største dugnad»

Har du ein gammal mobil eller eit nettbrett liggjande i ei skuff? Kan den brukast av nokon andre? Då bør du selje den. Du får pengane sjølv – og klubben får 50 kroner for kvar einaste eining som blir seld.

Ny tilsett i Volda fotball!

Johan Egil Rudi vert tilsett i ei prosjektstilling som trenarutviklar og fagansvarleg for Bygg1 Akademiet, med mål om å bidra til sportsleg utvikling, trenarutvikling og aktivitetar som styrker klubben i sitt tilbod på alle nivå.

Tusen takk til Sparebankstiftinga

Vi ønskjer å rette ei stor og hjarteleg takk til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre for gåvemidlar på 700 000 kroner til innkjøp av ny traktor til vedlikehald av anlegget vårt. Denne støtta betyr enormt mykje for Volda Fotball, og vil vere eit viktig bidrag til å sikre godt vedlikehald slik at anlegget vårt varer i mange år framover. […]

Minneord Øystein Bakke  

Øystein Bakke døde den 29.april, 67 år gammal.   Han var ein «miljøskapar», og har gjort ein langvarig innsats for fotballen i Volda.    Foreldra var Randi og Agnar Bakke, og Øystein vaks opp i Gamletun-vegen på Engeset.  Han kom tidleg med i fotballmiljøet, og var hjelpetrenar for fleire av dei yngste laga i fotballklubben «Voldingen».   Her var han materialforvaltar/oppmann, ofte saman med Birger […]

Foreldremøte oppstart 6-åringar

Mandag 20. april kl. 20.00 – 21.00 vert det foreldremøte for alle med barn født i 2020, både jenter og gutar. Stad: Klubbhuset ved SpareBank1 Idrettspark, Volda stadion Det blir moglegheit for spørsmål og informasjon frå klubb. Hjelp oss å spre informasjonen så vi når alle foreldre med barn født i 2020.

Nytt styre i Volda Fotball

På årsmøtet vart følgjande valt for perioda 2026: Styreleiar Anders Egil Straume, medlem Per Olav Sætre, medlem Ingvill Osvoll, nestleiar Ingvild Sande Lillebø, medlem Ida Mari Krøvel (NY), medlem Hanna Kristine Aaland (NY), medlem Espen Hodne-Viddal, SU-leiar Sindre Slettedal Sandbakk. Eit styre beståande av mykje kompetanse, mykje kontinuitet og friskt nytt blod. Klubben er i […]

Saksdokument til Årsmøte 2026

Volda TI Fotball ynskjer alle medlemar velkomne til Årsmøte torsdag 19. mars kl. 20.00 på klubbhuset Her er saksliste med tilhøyrande dokument. 1. Godkjenning av innkalling og sakliste2. Val av a) Dirigent, b) Referent c) To personar til å signere protokollen3. Årsmelding 20254. Revidert rekneskap for 2025, med balanse og notar (vert lagt ut i […]